Lars S. Vikør
Lars Sigurdsson Vikør (fødd 30. april 1946) er professor i nordisk språkvitskap, særleg nynorsk leksikografi, ved Norsk Ordbok, Universitetet i Oslo, og har det faglege ansvaret for manuskripta til Norsk Ordbok.
Lars S. Vikør | |||
Fødd | 30. april 1946 Oslo | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | lingvist, omsetjar, leksikograf | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo Universitetet i Leiden | ||
Medlem | Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab |
Vikør har skrive bøker og artiklar om språkplanlegging, språkpolitikk, språknormering, leksikografi og moderne språkhistorie. Han har òg engasjert seg for samnorsk-saka gjennom Landslaget for språklig samling. Vikør har vore representant i Norsk språkråd.
Vikør har per 2007 omsett seks skjønlitterære bøker frå nederlandsk, den første var Men Marte då! av Veronica Hazelhoff (1986). Han fekk Bastianprisen for barne- og ungdomsbøker 1994 for Kvifor sa vi ingenting? av Jan de Zanger (1993), og Kulturdepartementets oversetterpris 2001 for Bror av Ted van Lieshout (2001). Andre representative omsetjingar er Om så med vald av Jan de Zanger (1990), Evolusjonsteorien og ost av Bas Haring (2003) og Bryllaup ved havet av Abdelkader Benali (2005).
Bibliografi
endre- Publikasjonar av Lars S. Vikør i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin
- Publikasjonar av Lars S. Vikør i BIBSYS
Viktige publikasjonar
endre- The New Norse language movement (1975)
- Språkpolitikk pa fem kontinent: Eit oversyn og ei jamføring (1977)
- Perfecting spelling: Spelling discussions and reforms in Indonesia and Malaysia, 1900-1972 (1988)
- The Nordic languages: Their status and interrelations (1993)
- Aust-Timor, ein nasjon under jernhælen (1994)