Balkhasjsjøen (kasakhisk Балқаш Көлі, Balkasj Keli, russiski Озеро Балхаш, Ozero Balkhasj) er ein innsjø søraust i Kasakhstan og den nest største i Sentral-Asia etter Aralsjøen. Innsjøen er ein del av det endorheiske nedslagsfeltet som inkluderer Kaspihavet og Aralsjøen.

Balkhasjsjøen
innsjø
Område Kasakhstan
Innsjøtype Endorheisk, saltsjø
Tilsig Ili, Karatal, Aksu, Lepsi, Byan, Kapal og Koksu
Utløp Fordamping
Nedslagsfelt 413 000 km² km²
Høgd over havet 341,4 m moh.
Lengd 605 km km
Breidd Aust 74 km
Vest 19 km km
Areal 16 996 km² km²
Middeldjupn 5,8 m m
Største djupn 25,6 m m
Volum 106 km³ km³
Kystlengd1 2 385 km km
Tilfrosen November til april
Koordinatar 46°32′27″N 74°52′44″E / 46.54083°N 74.87889°E / 46.54083; 74.87889
Kart
Balkhasjsjøen
46°32′27″N 74°52′44″E / 46.540833333333°N 74.878888888889°E / 46.540833333333; 74.878888888889
Wikimedia Commons: Lake Balkhash
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Historie

endre

Frå så tidleg som 103 f.Kr. og opp 700-talet vart samfunnet ved Balkasj kjend som Pu-Ku/Bu-Ku av kinesarane. Frå 700-talet vart området sør for innsjøen, sør til fjella Tian Shan, kjend som «Dei sju elvane» (Jetisutyrkisk, Semiretsjije på russisk). Det var eit steppeområde der nomadiske tyrkarar og mongolar blanda kulturar med menneska frå Sentral-Asia som alt var her.[1] Under Kina sitt Qing-dynasti (1644 - 1911), danna innsjøen den nordvestlegaste grensa til Riket. I 1864 vart innsjøen og naboområda avstått til Det russiske keisardømet gjennom det kinesiske historikarar kallar ein ujamn avtale, den kinesisk-russiske avtalen. Då Sovjetunionen vart oppløyst i 1991, vart innsjøen ein del av Kasakhstan.

Kjenneteikn

endre
 
Balkhasjsjøen tatt av NASA sin SeaWiFS i 2000.

Innsjøen har i dag eit areal på 16 996 km², men som med Aralsjøen krympar han på grunn av at vatn vert leia bort frå elvane som renn ut i han.[2] Innsjøen har eit gjennomsnittleg djup på 5,8 m og er 25,6 m på det djupaste. Den vestlege halvdelen av innsjøen er ferskvatn, medan den austlege er salt.[3] Middeldjupet i den austlege delen er 1,7 gonger djupare enn den vestlege. Om lag 1 600 km mot nordaust ligg Bajkalsjøen, den vassrikaste innsjøen i verda.

Balkhasjsjøen sitt nedslagsfelt vert drenert av sju elvar. Den største av desse er Ili, medan andre elvar som Karatal fører vatn både på og under jordoverflata. Ili får stort sett vatn frå nedbør (stort sett snøsmelting om våren) som fell i fjella i Xinjiang-regionen i Kina. Balkhasj sitt nedslagsfelt er i seg sjølv endorheisk – vatnet renn altså ikkje vidare frå innsjøen – og Balkasjsjøen har mange av dei same problema som andre endorheiske innsjøar.

Økonomisk utvikling

endre

Vatnet til elva Ili og vatnet i Balkasjsjøen er særs økonomisk viktig for Kasakhstan. Ili er demma opp for å nyttast til vasskraft ved Kaptsjagajskoje og mykje av vatnet i elva vert nytta til vatning i jordbruket eller i industrien. Balkhasjsjøen vert nytta til fiske.

Miljømessige og politiske problem

endre

Sidan folketalet og industrialiseringa i Vest-Kina aukar, og med tradisjonelt dårlege politiske forhold mellom Kasakhstan og Folkerepublikken, er det sannsynleg at det avgrensa vatnet i Ili kan føre til auka konfliktar mellom dei to landa. Liknande internasjonale konfliktar over vassressursar i tørre område førte til inntørkinga av Aralsjøen og Balkasjsjøen ser ut til å følgje i same fotspor.[4]

Vassforureininga i Balkasjsjøen har auka i takt med urbaniseringa og industrialiseringa i området. Fleire dyreartar i innsjøen har forsvunne på grunn av lågare vassnivå og overfiske.[5]

Kjelder

endre
  1. Svat Soucek (2000) A History of Inner Asia, Princeton: Cambridge University Press, s. 22.
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 16. juli 2011, henta 12. januar 2008 
  3. Kawabata, Yoshiko et al. (March 1997) «The phytoplankton of some saline lakes in Central Asia» International Journal of Salt Lake Research 6(1): s. 5-16;
  4. http://news.bbc.co.uk/1/hi/world/asia-pacific/3397077.stm
  5. arkivkopi, arkivert frå originalen 23. april 2007, henta 12. januar 2008 

Bakgrunnsstoff

endre