Sigurd Fjøsne
Sigurd Martin Fjøsne (3. juli 1887–19. mai 1974) var ein norsk lærar, organisasjonsmann og forfattar. Han var frå Luster kommune. I 1911 tok Fjøsne eksamen ved Stord lærarskule og frå same år vart han lærar i Luster. I 1914 var han lærar i Folldal og to år seinare i Landvik, før han var tilbake i Luster i 1918.
Sigurd Fjøsne | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 3. juli 1887 Luster kommune |
Død | |
Yrke | lærar, skribent |
Fjøsne var ein aktiv målreisingsmann og han var leiar i Sogn ungdomslag i 10 år.
I 1942 vart Fjøsne arrestert og sat som fange på Grini.
Bibliografi
endreBøker
endre- 1926 – Song og salme til stemnebruk (Bergen: Lunde)
- 1954 – Dale kyrkja i Luster (Luster: Dale sokneråd)