Sheldon Lee Glashow
Sheldon Lee Glashow (fødd 5. desember 1932 ) er ein amerikansk fysikar ved Harvard University i Cambridge, Massachusetts.
Sheldon Lee Glashow | |||
| |||
Fødd | 5. desember 1932 (92 år) New York i USA | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | USA | ||
Område | teoretisk fysikk, elektrosvak teori, partikkelfysikk, field theory | ||
Yrke | fysikar, vitskapsperson, teoretisk fysikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Harvard University Boston University University of California, Berkeley | ||
Alma mater | Cornell University Harvard University | ||
Doktorgradsrettleiar | Julian Schwinger | ||
Kjend for | Elektrosvak teori Kritikk av superstrengteori | ||
Medlem | Accademia Nazionale dei Lincei National Academy of Sciences American Academy of Arts and Sciences Det russiske vitskapsakademiet American Philosophical Society American Association for the Advancement of Science American Physical Society |
Glashow mottok Nobelprisen i fysikk i 1979, saman med Abdus Salam og Steven Weinberg,[1] «for bidraget deira til teorien om foreinleg svak og elektromagnetiske vekselverknader mellom elementærpartiklar, mellom anna føreseiinga av den svake nøytrale straumen»
Glashow vart fødd i New York av jødiske immigrantar frå Russland[2] og vart uteksaminert frå Bronx High School of Science i 1950. Glashow var i same avgangsklasse som Steven Weinberg. Han fekk ein bachelor of arts frå Cornell University i 1954 og ein filosofisk doktorgrad i fysikk frå Harvard University i 1959 under rettleiing frå Julian Seymour Schwinger, nobelprisvinnar i fysikk. Etter uteksamineringa vart Glashow ein del av University of California, Berkeley og jobba som førsteamanuensis frå 1962 til 1966.[3] Han var professor ved MIT i 1974.[1]
Verk
endre- The charm of physics (1991) ISBN 0-88318-708-6
- From alchemy to quarks: the study of physics as a liberal art (1994) ISBN 0-534-16656-3
- Interactions: a journey through the mind of a particle physicist and the matter of this world (1988) ISBN 0-446-51315-6
- First workshop on grand unification: New England Center, University of New han pshire, April 10–12, 1980 redigert med Paul H. Frampton and Asim Yildiz (1980) ISBN 0-915692-31-7
- Third Workshop on Grand Unification, University of North Carolina, Chapel Hill, April 15–17, 1982 redigert med Paul H. Frampton and Hendrik van Dam (1982) ISBN 3-7643-3105-4
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sheldon Lee Glashow» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene: