Nagl

Versjonen frå 12. november 2011 kl. 18:12 av Luckas-bot (diskusjon | bidrag) (r2.7.1) (robot la til: su:Kuku)

Negler er modifiserte overhudsceller (frå epidermis), ein finn ytterst på lemmane til menneske og andre dyreartar, som apar og lemurar. Dei svarer til klør hjå andre dyr.

Menneskehand med negler.
Lemurar har også negler.

Som i det ytterste laget av huda er cellene omdanna til proteinet keratin, i neglene er omdanninga til keratin fullstendig. Negler veks innanfrå, frå neglerota. Etterkvart som det veks fram nye celler her blir dei eldre skyvi utover. Då døyr dei, keratiniseringsprosessen startar og neglesubstansen blir danna. Neglen er festa til kjøtet under, neglesenga. Ein nagl veks med om lag 1 mm i veka.

Kjelder

  • Jacob, Francone og Lossow: Anatomi og fysiologi. Oslo, 1980.

Bakgrunnsstoff

  Commons har multimedium som gjeld: Nagl