Tingrett er ein domstol i Noreg som dømmer i både straffesaker og sivile saker. Det er den første domstolen saker blir behandla i.
Det norske rettssystemet har tre nivå. Dersom ein part i ei rettssak er usamd i ein dom frå tingretten, kan han anke til lagmannsretten. Dersom ein part er usamd i ein dom frå lagmannsretten, kan han anke til Høgsterett.
Det er dommarar som avgjer sakene i tingretten. Dei blir kalla tingrettsdommarar. Leiaren for ein tingrett blir kalla sorenskrivar. Tingrettsdommarane og sorenskrivaren har juridisk utdanning.
I nokre saker er meddommarar òg med og avgjer saka. Dette er personar som ikkje treng å ha juridisk utdanning. Grunnen til at det blir brukt meddommarar, er at det er eit viktig prinsipp i det norske rettssystemet at vanlege folk skal vere med på å dømme andre vanlege folk. Det kallar ein å bli dømd av sine likemenn.
Det er 23 tingrettar i Noreg. Politikarane diskuterer kor mange tingrettar vi skal ha, og det kan difor bli fleire enn 23.