Svaksynt er det å ha dårlegare syn enn normalt, men ikkje så dårleg som ein blind. Svaksynte personar kan bruke tilpassa briller eller linser. Likevel ser dei dårlegare enn personar med normalt syn.
Personar som er langsynte eller nærsynte, er ikkje svaksynte. Dei får normalt syn, viss dei brukar briller eller linser.