Kart over hindi.
Hindi er offisielt språk i India.
Kart over hindi.
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Hindi er eit språk. Det er morsmålet til om lag 350 millionar menneske, og det største språket i India.

265 millionar menneske har hindi som andrespråk.

Utbreiing

Hindustani

Ordet hindustani, skrive med devanagariskrift og nastaliqskrift. Hindustani er eit gammalt ord for eit språk som var ei blanding av hindi og urdu. Devanagari er er det indiske alfabetet, og nastaliq er eit persisk alfabet.

Hindustani
Av .

Hindi er det offisielle språket i India.

Hindi blir òg snakka av grupper av indiske innvandrarar i land som

Språket urdu ligg svært nært hindi. Nokre reknar dei som same språk, fordi dei er så like.

Særdrag

Foto av bokomslag, Harry Potter.
Harry Potter og mysteriekammeret på hindi.
Foto av bokomslag, Harry Potter.
Av /Amazon.
Lisens: PD

Hindi blir skrive med ei skrift som heiter devanagari. Denne skrifta viser alle lydane i språket nøyaktig.

Hindi har få vokalar og mange konsonantar. Nokre av konsonantane liknar dei ein finn i norske dialekter på Austlandet, i Trøndelag og i Nord-Noreg.

Hindi har òg ein «tjukk l», som i austnorsk og trøndersk uttale av l-en jåle og Ola, og han blir skriven ड़. Når ein skriv hindi med latinske bokstavar, skriv ein ड़ som ṛ (r med prikk under), som i साड़ी sāṛī, som betyr «sari».

Hindi har mange samansette verb. Dette gjer hindi til eit språk med mange nyansar, som kan vere litt vanskelege å lære for utlendingar.

Dialekter

Hindi har dialekter med svært store forskjellar. Dialektene er så ulike at dei kan vere vanskelege å forstå for folk som snakkar ei anna dialekt.

Det er ein felles standard som bind dialektene saman. Standarden byggjer på den lokale dialekta rundt den indiske hovudstaden Delhi. Mange kan snakke og forstå denne standarden, i tillegg til si eiga dialekt.

Historie

Hindi stammar frå det gamle indiske språket sanskrit.

Omkring år 1700 blei hindi det vanlege språket i heile Nord-India. I starten var språket felles for muslimar og hinduar. Det blei skrive med arabisk skrift. Men på byrjinga av 1800-talet ønskte fleire å skrive hindi med indisk skrift. Dei ønskte å fjerne det som var framandt. Denne varianten fekk namnet høg-hindi. I dag seier ein berre hindi.

Det opprinnelege språket, der ein skreiv hindi med arabisk skrift, fekk namnet urdu. Dette utvikla seg til å bli språket for muslimar i Sør-Asia. Splittinga i to språk gjaldt nesten berre skriftspråket. Det vanlege talespråket har halde fram med å vere svært likt.

Frå 1857 var India ein britisk koloni. Då India blei uavhengig i 1947, blei hindi valt som offisielt språk. Urdu blei offisielt språk i Pakistan.

Norske ord frå hindi

Ein del dyrenamn er kjende frå Jungelboka av Rudyard Kipling. For eksempel har vi

  • हाथी hāthī, som tyder 'elefant'
  • भालू bhālū, som tyder 'bjørn'

Norsk har har lånt sjampo frå engelsk shampoo, som igjen har lånt ordet frå hindi चाँपो cāmpo, som tydet 'trykk!' eller 'kna!'.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Rolf Theil
Professor emeritus, Universitetet i Oslo