Heks er ein person som driv med trolldom eller magi. I magi og trolldom gjer ein hemmelege, spesielle ting, for å få noko til å skje. Det finst ikkje bevis for at trolldom eller magi fungerer.
Ordet heks er tysk, og kan ha noko å gjere med orda «skog» eller «hekk». Det blei først brukt om ein person som var skulda for å skada åkeren til naboen. Heks har blitt brukt om kvinner som skjellsord.
Lenge brukte ein ikkje ordet «heks» i Noreg. Ein sa heller trollkvinne, og om ein mann sa ein trollmann. Frå 1800-talet kunne ein lese norske folkeeventyr i bøker. Der er det både hekser og trollkvinner. Då blei «heks» eit vanlegare ord å bruke.