Hvit marmorstatue av en mann som ligger delvis inne i et teppe. Han holder et overflødighetshorn, som er et horn fylt av mat og frukt.
Den greske guden Zevs, kongen over alle dei greske gudane.
Fotografi av statue.
Av /Shutterstock.
Adam er fremstilt som en ung, naken mann. Han hviler tungt på jorden, med blikket og den venstre armen vendt mot Gud. Gud selv kommer flyvende i luften omgitt av en blafrende rød kappe og mange nakne personer.

I kristendommen trur ein at det berre finst éin gud. På biletet er det Gud som skaper Adam, det første mennesket.

Måleri av Gud og Adam.
Av /KF-arkiv.

Ein gud er eit overnaturleg vesen, som blir oppfatta som ein person eller har personlege eigenskaper.

Dei fleste religionar og kjende kulturar har gudar. Nokre religionar har berre éin gud, andre har fleire gudar.

Ein kvinneleg gud blir kalla ei gudinne.

Berre éin gud

Dei religionane som berre har éin gud, blir kalla monoteistiske.

  • Kristendommen sin Gud: Kristendommen lærer at det finst éin allmektig gud, og at han kan vise seg som Gud, Jesus og Den heilage ande. Læra om at Gud er éin, og at Gud samtidig er tre, er sentral i den kristne trua.
  • Jødedommen sin Gud: Jødedommen lærer at det berre finst éin allmektig Gud. Det viktigaste for jødane er trua på at Gud er éin. Det betyr at han ikkje kan ha ein son.
  • Islam sin Gud (Allah): Islam lærer òg at det berre er éin allmektig Gud. Allah er Gud på arabisk.

Fleire gudar

Bildet viser en figur med fire armer. Kroppen er blå, og figuren er kledt i rødt og gul med mange smykker i gull. Hver av hendene holder en gjenstand: en rød lotusblomst, et spyd i gull, et skjell, en gullsirkel.

I hinduismen trur ein på mange ulike gudar. Vishnu er éin av dei.

Maleri av guden Vishnu.
Av .

Dei religionane som har mange gudar, blir kalla polyteistiske.

  • Hinduistiske gudar: Hinduismen er polyteistisk. Det er mange gudar, og stor skilnad på korleis ulike retningar ser på gudane. Mange hinduar har eit spesielt nært forhold til éin gud eller éi gudinne, men dei andre gudane er òg viktige. Shiva, Vishnu, Rama, Krishna og Devi er mellom dei viktigaste gudane i hinduismen.
  • Etniske religionar: Dei best kjende av dei gamle, etniske religionane er den greske, den romerske, den egyptiske og den norrøne. Alle desse religionane har mange gudar, og er polyteistiske. Gudane kan vere både gode og vonde. Dei styrer over kvar sine område.

Gud som ei kraft

Ein del religionar tenkjer på det guddommelege som ei kraft i naturen eller verda. Desse blir kalla panteistiske.

  • Etniske religionar: Mange etniske naturreligionar lærer at det guddommelege er ei kraft, som er til stades i naturen og menneska. Eit eksempel på ein slik etnisk religion er den samiske religionen.
  • Hinduisme: I hinduismen finst ei førestilling om at mennesket si sjel, eller sitt indre (atman), er ein del av sjølve universet (brahman).
  • I Buddhismen er det ikkje gudar, på same måte som i mange andre religionar. Men somme retningar opnar for at det er noko guddommeleg over alt.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Bente Groth
Religionshistoriker