Faktaboks

Hovudstad
Kairo
Innbyggjartal
103 millioner
Storleik
995 450 km²
Statsform
republikk
Statsoverhovud
president Abdel Fattah al-Sisi
Språk
arabisk
Nasjonaldag
23. juli
Valuta
egyptisk pund
Flagg
plassering av Egypt på jordkloden. Kart

Egypt (mørkegrønt) ligg i Afrika (lysegrønt).

Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Egypt er eit land som ligg nordaust i Afrika. Landet grensar til Libya, Sudan, Palestina og Israel. Egypt har kyst mot Middelhavet i nord og Raudehavet i aust. Hovudstaden heiter Kairo.

Natur og klima

Plassering av Egypt med naboland rundt, kart.

Egypt og nabolanda

Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Det meste av Egypt består av ørken. Landet er nesten tre gonger så stort som Noreg. Langs kysten er det mange strender som er populære blant turistar.

Nilen, som er den lengste elva i Afrika, renn gjennom heile Egypt. Langs Nilen er det mange område med jordbruk. Det høgaste fjellet heiter Jabal Katrina, 2642 meter over havet, på Sinai-halvøya. Like ved hovudstaden Kairo ligg dei kjende pyramidane i Giza.

Nasjonaldyret er steppeørn. Det lever også sjakal, gaselle, ørkengaupe og slange i landet. I havet utanfor kysten lever haiar og delfinar.

Over 80 prosent av straum i Egypt kjem frå fossile energikjelder. Mesteparten av Egypt har eit varmt klima med lite nedbør.

Folk og kultur

mann med ein hest og plog

Der Nilen renn ut i Middelhavet, legg elva att sand, grus og leire som dannar eit delta. Vatnet frå Nilen gjer området i Nil-deltaet godt eigna for jordbruk. Her blir rismarkene gjorde klare for såing.

Foto fra Nildeltaet
Lisens: CC BY NC 2.0

Kairo er den største byen i Afrika med over 20 millionar innbyggjarar. Dei fleste menneska bur i byar langs Nilen. Egypt er det tredje mest folkerike landet i Afrika.

Rundt 90 prosent av befolkninga i Egypt er arabarar. Nubiarar, beduinar og siwaar (berberar) er dei største minoritetane. Arabisk er offisielt språk. Islam er den største religionen, mens omlag ti prosent er kristne.

Grunnskulen er gratis, og alle barn må gå på skule frå dei er 6 til 15 år. Fotball er den mest populære idretten blant barn og ungdom.

Politikk og økonomi

Egypt er ein republikk med president som statsoverhovud. Presidenten styrer landet saman med det militære. Landet har mange gonger blitt kritiserte for brot på menneskerettane.

I 2011 ville folket ha meir demokrati i Egypt og gjorde opprør. Det førte til at presidenten måtte gå av, og det vart halde demokratiske val. Men etter kort tid tok dei militære tilbake makta i eit kupp, og ein general vart ny president. Det er lite ytringsfridom i landet.

Mange menneske i Egypt jobbar med landbruk og turisme. Landet tener noko pengar på å selje olje og bomull til andre land.

Egypt er medlem av mellom anna FN og Den afrikanske union.

Historie

I dei siste 3000 åra før tidsrekninga vår styrte faraoar i Egypt. I denne perioden blei pyramidane bygde. Egypt utvikla seg til å bli eit av dei rikaste landa i historia.

Fram til 1800-talet var Egypt ein del av mellom anna Romarriket og Det osmanske riket.

Frå 1882 var Egypt styrt av Storbritannia. Landet fekk meir sjølvstyre frå 1922. Dei neste tiåra utvikla landet seg til å bli ei arabisk stormakt. I denne perioden var Egypt fleire gonger i krig med nabolandet Israel.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Knut S. Vikør
Universitetet i Bergen