Bibelen er den viktigaste boka i kristendommen. Han er eigentleg ikkje éi bok, men ei samling bøker av ulike forfattarar. Desse tekstane er heilage for kristne.
Bibelen har to hovuddelar. Dei heiter Det gamle testamentet og Det nye testamentet, forkorta til GT og NT.
Av og til snakkar ein om 'Den hebraiske bibelen'. Då meiner ein Tanakh i jødedommen. Tanakh er nesten heilt lik Det gamle testamentet.