Hopp til innhald

Karelia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Republikken Karelia)
Denne artikkelen handlar om republikken i Russland. For det historiske landskapet, sjå Karelen.
Karelia
Карелия
republikk
Flagg
Symbol
Nasjonalsong: Republikken Karelias hymne (Gimn Respubliki Karelija), (Karjalan Tasavallan hymni)
Land  Russland
Del av Den nordvestlige føderasjonskrets, Karelen
Hovudstad Petrozavodsk
Areal 180 520 km²
Folketal 523 856 (2024)
Språk russisk
Tidssone UTC +3 (MSK)
ISO 3166-2 kode RU-KR
Bilnummer 10
Kart
Karelia
63°49′00″N 33°00′00″E / 63.816666666667°N 33°E / 63.816666666667; 33
Wikimedia Commons: Republic of Karelia

Karelia[a] er ein russisk republikk nordvest i Russland. Karelia er ei føderal eining i den russiske føderasjonen. Republikken Karelia er den austlege delen av det historiske landskapet Karelen, og vert nokre gonger kalla Aust-Karelen.

Landsbyen Vuokkiniemi i republikken Karelia.

Republikken ligg nordvest i Russland, og grensar til Finland i vest. I nordaust han han kystline til Kvitsjøen. I aust ligg innsjøen Onega, og i sør Ladoga, den største innsjøen i Europa. Det høgaste punktet er fjellet Manselkja, 580 meter over havet. Ved kysten til Kvitsjøen er det mange bukter og vikar. Det finst mange sjøar, elvar og myrar i republikken. Dei største elvane er Kem, Vyg, Keret, Vodla, Suna og Sjuja. Desse elvane er relativt korte, men har stor vassføring, og mange fossar og stryk. Heile 18 % av territoriet til republikken er innsjøar, hovudsakleg delar av dei store innsjøane Onega og Ladoga. Myrarealet utgjer òg om lag 18 %. Om lag halvparten av flatevidda er skogkledd. Middeltemperaturen i januar er –12 grader celsius, i juli 15 grader celsius.

Det karelske neset, som vart avstått av Finland til Sovjetunionen i 1940, høyrer ikkje til republikken Karelen, men det er ein del av andre område som òg vart avståtte av Finland då.

I mellomalderen låg Karelen i utkanten av innverknadssfæren til fyrstedømet Novgorod. På 1200-talet kom delar av området under svensk kontroll. I 1478 vart Novgorod underlagd fyrstedømet Moskva, førelauparen til det russiske imperiet, og Karelen vart svensk-russisk grenseland. I 1784 vart Petrozavodsk sentrum for ein eigen russisk provins.

Under den russiske revolusjonen tok bolsjevikane kontroll over området i april 1918, men den same sumaren kom dei nordlege delane under kontroll av utanlandske intervensjonsstyrkar, frå Finland, USA, Storbritannia og Frankrike. Intervensjonsstyrkane trekte seg ut i 1920 og området kom igjen under sovjetisk kontroll.

Den 25. juli 1923 vart Den karelske autonome sovjetrepublikken oppretta, underlagd Den russiske føderasjonen. Etter Vinterkrigen, den 31. mars 1940, vart Karelen ein eigen sovjetrepublikk Den karelsk-finske sosialistiske sovjetrepublikken (finsk Karjalais-Suomalainen Sosialistinen neuvostotasavalta). Det karelske neset vart innlema i denne republikken. Under den andre verdskrigen vart store delar av republikken okkupert av Finland, i det som vert kalla den finske framhaldskrigen. Etter krigen vart Det karelske neset overført til Leningrad oblast. Karelia hadde status som sovjetrepublikk til den 16. juli 1956, då han vart innlema i Den russiske føderasjonen att som ein autonom republikk, og ordet «finsk» vart fjerna frå namnet.

Frå 1991 er republikken Karelia eit føderasjonssubjekt i Den russiske føderasjonen.

Folkesetnad

[endre | endre wikiteksten]

I 2010 var den etniske samansetjinga av folkesetnaden:[1]

  1. russisk Республика Карелия (Respublika Karelija), karelsk Karjalan tazavaldu, finsk Karjalan tasavalta, vepsisk Karjalan tazovaldkund
  1. "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" Arkivert 2013-03-15 ved Wayback Machine. - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Karelia
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.