Rørvik
Rørvik | |||
stad | |||
Frå Rørvik
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Kommune | Nærøysund | ||
Areal | 2,23 km² | ||
Folketal | 3 651 (2020) | ||
Folketettleik | 1 637 / km² | ||
Postnummer | 7900 RØRVIK | ||
Ferdselsårer | 770 Hurtigruta | ||
Rørvik 64°51′43″N 11°14′23″E / 64.8618528°N 11.2396861°E | |||
Wikimedia Commons: Rørvik (Nærøysund) |
Rørvik er ein by og administrasjonssenter i Nærøysund kommune i Trøndelag. Byen ligg på øya Indre Vikna på vestsida av Nærøysundet.
Rørvik ligg i eit typisk kystlandskap og bygningane er for det meste gamle og nye trehus. Staden har eit typisk småbypreg. Rørvik er ei viktig fiskehamn, og Telenor Mobil har eit av kundeservice-sentra sine der. Ved Rørvik ligg Nærøysundbrua som bind Vikna saman med fastlandet (Nærøy). Rørvik er fast stoppestad for Hurtigruta, og kvar kveld møter nordgåande og sørgåande hurtigrute einannan i Rørvik. Dei viktigaste næringsvegane i Rørvik er fiskeri og telekommunikasjon. I Rørvik er det eit museum som viser kystkulturen og fiskerihistoria i Noreg gjennom tidene. Dette museumet heiter Norveg og er vorte ein viktig turistattraksjon på staden.
I Rørvik ligg den vidaregåande skulen i distriktet, Ytre Namdal vidaregåande skule (YNVS).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen byggjer på «Rørvik» henta frå Wikipedia på bokmål 27. mai 2005.