Birdlife Norge
Birdlife Norge | |||
Type | forening/lag/innretning | ||
---|---|---|---|
Org.nummer | 970089748 | ||
Skipa | 8. mai 1957 | ||
Hovudkontor | Trondheim | ||
Tenester | Vår Fuglefauna, Fuglevennen, Ornis Norvegica | ||
Tilsette | 12 | ||
Medlemmer | 12 500 | ||
Nettstad | https://birdlife.no |
BirdLife Norge, fram til 2021 Norsk Ornitologisk Forening (NOF), er ein ideell samskipnad stifta i 1957[1] med viktigaste oppgåve å syte for vern av fuglar. Samskipnaden arbeider for vern av naturen, særleg fuglefaunaen, og for å fremme interessa for og betre kunnskapen om fuglar, samt å stimulere til ulike ornitologiske aktivitetar. Han er òg eit bindeledd mellom fugleinteresserte i Noreg. Samskipnaden arrangerer turar og foredrag.
NOF er organisert med fylkesvise avdelingar som igjen er delt inn i lokallag med ansvar for lokal drift.
Frå 1992 har NOF hatt partnarskap med den internasjonale alliansen av søstersamskipnadar, Birdlife International.
NOF er ein av 5 organisasjonar som samarbeider med Artsdatabanken om å drive Artsobservasjonar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Om BirdLife Norge - BirdLife Norge», www.birdlife.no, henta 19. april 2024