Marit Hætta Øverli
Marit Hætta Øverli | |||
Fødd | 12. januar 1964 (60 år) | ||
---|---|---|---|
Opphav | Noreg | ||
Verka som | politikar, musikar |
Marit Elisabeth Hætta Øverli (fødd 12. januar 1964 i Masi) er ein norsk samisk songar.
Ho byrja ein lang musikkarriere med si første gruppe Masijentene. Gruppa grunnla Per K. Løberg, musikklæraren på skulen i Masi, i 1974. I 1991 vann ho Sámi Grand Prix. Seinare blei ho Finnmarks vinnar i NRKs 2000-årslåta. Etter promoplata Golle Máze / Goahtoeanen, kom hennar første eigne langspelplate, Ohcame (Iđut), ut i 1995. Musikarane som spelte på plata var Hans Fredrik Jacobsen, Kåre Kolve, Rune Arnesen og Svein Dag Hauge. I 2000 gav ho ut plata Daja Jienat. Seinare har ho og Klemet Anders Buljo grunnlagt ein duo, Duo Maret.
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]I 2017 vann Øverli og Klemet Anders Buljo Altas kulturpris som Duo Maret. Året etter vann dei og Duo Maret igjen, denne gongen Finnmark fylkes kulturpris.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Med Masijentene
[endre | endre wikiteksten]- 1977 – Máze Nieidat (JLP 202)
- 1979 – Máze Nieidat II (JLP 205)
Solo
[endre | endre wikiteksten]- 1995 – Golle Máze / Goahtoeanen (ICD95001), singel
- 1995 – Ohcame (ICD942)
- 2000 – Daja jienat
Med Duo Máret
[endre | endre wikiteksten]- 2015 – Alo
- 2020 – Dusten dan, singel