Hopp til innhald

Jordskorpeplate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kontinentalplate)
Inndelinga av verda i jordskorpeplater

Jordskorpeplate, litosfæreplate eller tektonisk plate er dei oppdelte platene som dannar det stive ytre skalet til jorda. Dei består av jordskorpe og øvre del av mantelen. Jordskorpa er ikkje fast og samanhengande over heile jorda, men delt opp i fleire plater som «flyt» på den mjukare astenosfæren. Dei rører seg med nokre centimeter i året (platetektonikk).[1] Rørslene fører til at kontinenta, som sit fast på platene, gradvis flyttar på seg. Dei fører også til endringar i sonene der platene grensar mot kvarandre - ved konvergente soner der platene glir mot kvarandre vil ei av synka eller bli pressa ned i ei subduksjonssone, ved divergente soner der platene glir frå kvarandre blir det forma ny jordskorpe langs spreiingsryggar, og ved transforme soner der platene glir langs kvarandre oppstår det friksjon som kan gje seismisk aktivitet, som jordskjelv.[2]

Platene kan vera opptil 280 kilometer tjukke, men ved midthavsryggar kan dei vera under ein kilometer tjukke.[1]

Det finst fleire store, og mange mindre jordskorpeplater. Dei største er:

  1. 1,0 1,1 Fossen, Haakon (2. desember 2018). «litosfæreplater». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. Ramberg, Ivar; Bryhni, Inge; Fossen, Haakon (4. oktober 2019). «platetektonikk». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
Spire Denne geologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.