Hopp til innhald

Kaare Ørnung

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kaare Alexander Ørnung)

Kaare Alexander Ørnung (26. januar 19312. oktober 2013)[1][2] var ein norsk pianist og musikkpedagog. Han var særleg mykje nytta som akkompagnatør, og mykje nytta innan radio og fjernsyn. I tillegg hadde han ein lang karriere som solist både i Noreg og i utlandet. Han var amanuensis ved Norges musikkhøgskole frå 1973.[3]

Ørnung medverka med Arve Tellefsen på albuma Du milde Mosart! (1977) og Serenade (1980). Sistnemnde låg 12 veker på VG-lista i 1980 og 1981 og nådde 15. plass som beste plassering.

  1. Kaare Ørnung er død, arkivert frå originalen 4. oktober 2013, henta 2. oktober 2013 
  2. Trond Smith-Meyer, Barbro Tveite, Tove Storsveen, red. (1999). «Ørnung, Kaare». Norges musikkhistorie : minileksikon. Oslo: Aschehoug. s. 68. ISBN 8203224768. 
  3. Otlu M. Alsvik, Ella Arntsen, Robert Levin, red. (1983). «Ørnung, Kaare». Musikken og vi. 2 : Last - Ås-revyen. Oslo: Cappelen. s. 283. ISBN 8202049997. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]