Hopp til innhald

County Armagh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Grevskapet Armagh)
County Armagh
Contae Ard Mhacha
Våpen
Land  Storbritannia
Del av Storbritannia
Hovudstad Armagh
Areal 1 254 km²
Folketal 141 000  (est.)
Folketettleik 112 / km²
Provins Ulster
Kart
County Armagh
54°21′00″N 6°39′17″W / 54.3499°N 6.6546°W / 54.3499; -6.6546
Kart som viser County Armagh.
Kart som viser County Armagh.
Kart som viser County Armagh.
Wikimedia Commons: County Armagh

County Armagh (irsk Contae Ard Mhacha) er eit av seks grevskap i Nord-Irland nordaust på Irland i provinsen Ulster. Grevskapet vert kalla «Irland sin frukthage» på grunn av den fruktbare jorda. Tradisjonelt administrasjonssete i grevskapet er Armagh.

County Armagh grensar til Down i aust og Tyrone i nord. I vest ligg Monaghan og i sør Louth, begge i Republikken Irland. Armagh grensar òg til Lough Neagh i nord.

Den sørlege delen av Armagh har sidan 1970-åra vore eit av dei mest militariserte områda i Vest-Europa. Årsaka til dette er at det i folkesetnaden er ein stor majoritet av nasjonalistar, slik at det har vore lett for væpna grupper å operere der. Denne delen av grevskapet har i pressen ofte vorte omtalt som Bandit country (Bandittlandet).

Etter reforma av lokalstyret i Nord-Irland har ikkje lenger grevskapet noko administrativ funksjon, og er erstatta av distrikt.

Byar og landsbyar i County Armagh

[endre | endre wikiteksten]