Statsforvaltar
Statsforvaltaren | |||
| |||
| |||
Skipa | 1. januar 2021 | ||
---|---|---|---|
Land | Noreg | ||
Nettstad | https://www.statsforvalteren.no/ |
Statsforvaltaren (statsforvaltarembetet) fungerer som staten sin forlengde arm, og er eit upolitisk forvaltings- og tilsynsorgan på regionalt nivå i Noreg. Embetet utøver dei høgste sivile forvaltingsoppgåvene i eit fylke på vegner av den norske stat.[1]
Organisering
[endre | endre wikiteksten]Statsforvaltarembetet vert leia av ein statsforvaltar. Statsforvaltaren vert tilsett av regjeringa, og som regjeringa sin fremste representant i fylket skal han sjå til at vedtak sette av sentraladministrasjonen (Stortings- og regjeringsvedtak) vert gjennomførte i fylket.[2] Under statsforvaltaren har ein ulike avdelingsdirektørar som har ansvar for kvart sitt fagområde.[3]
Oppgåver
[endre | endre wikiteksten]Statsforvaltaren, med administrasjonen, har oppgåver og tilsyn innanfor:
- Landbruk
- Miljøvern
- Utdanning
- Samfunn
- Helse, sosial og barnevern
- Beredskap (samfunnstryggleik)
Statsforvaltaren skal òg kontrollere kommunale budsjett og låneopptak i kommunane, og skal vidare handsame klagar på fylkeskommunale og kommunale vedtak.
Statsforvaltarembetet skal i tillegg samordna statlege etatar i fylket under ei krise,[4] men òg elles.
Kvart fylke har sin statsforvaltar, med unntak av Oslo og Viken som har ein sams. Det er dermed ti statsforvaltarar i Noreg.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Statsforvaltarembetet har røter attende til ordninga med sysselmenn i mellomalderen. I 1662, under eineveldet i Danmark-Noreg, vart len og syssel avløyste av amt, og dermed oppstod amtsnemninga. I 1919 skifta så amta namn til fylke, og amtmannen vart til fylkesmann. Reforma av 1975, som tredde i kraft frå 1976, skilde fylkesmannen frå fylkeskommunen, han vart dermed ein eigen forvaltingsinstitusjon.[5] I 2020 vart embetet omdøypt til statsforvaltar.[6][7]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Hansen, Tore; Tjernshaugen, Andreas (22. juni 2022). «statsforvalter». Store norske leksikon (på norsk bokmål).
- ↑ «Instruks for statsforvaltere - Lovdata», lovdata.no, henta 28. oktober 2022
- ↑ «Kontakt oss», Statsforvalteren i Oslo og Viken (på norsk bokmål), henta 28. oktober 2022
- ↑ «Krisehåndtering og samordning», Statsforvalteren.no (på norsk bokmål), henta 28. oktober 2022
- ↑ «Historia om statsforvalteren», Statsforvalteren.no (på norsk bokmål), henta 27. oktober 2022
- ↑ «Fylkesmannen blir statsforvaltaren». Regjeringa.no. Kommunal- og moderniseringsdepartementet. 26. oktober 2020. Henta 1. januar 2021.
- ↑ «Endring av navn på fylkesmannsembetene fra fylkesmann til statsforvalter - Lovdata», lovdata.no, henta 28. oktober 2022