Breithorn i Lauterbrunnen
Utsjånad
(Omdirigert frå Breithorn (Lauterbrunnen))
Breithorn | |||
fjell | |||
Breithorn oppfor Lauterbrunnental
| |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Bern-Alpane | ||
Høgd | 3 780 moh. | ||
Primærfaktor | 443 m ↓ ↓Jungfrau | ||
Koordinatar | 46°28′42.3″N 7°52′35.7″E / 46.478417°N 7.876583°E | ||
Førstestiging | Edmund von Fellenberg | ||
• dato | 31. juli 1865 | ||
Breithorn i Lauterbrunnen 46°28′42″N 7°52′36″E / 46.478416666667°N 7.8765833333333°E | |||
Kart som viser Breithorn i Lauterbrunnen.
| |||
Wikimedia Commons: Breithorn (Lauterbrunnen) |
Breithorn eller Lauterbrunnen Breithorn er eit 3780 m høgt fjell i Bern-Alpane i Sveits. Grensa mellom kantona Bern og Valais går over fjellet.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Fjellet ligg mellom Grosshorn og Tschingelhorn. Mellom Breithorn og Tschingelhorn ligg det bredekte Wetterlücke. Mot nord stuper Breithorn i ein om lag 1 200 meter høg berg- og isvegg, Lauterbrunnenveggen, ned i Lauterbrunnental og dannar ein imponerande avgrunn.
Fyrsteklatring
[endre | endre wikiteksten]Fjellet vart klatra fyrste gongen den 31. juli 1865 av fjellpioneren Edmund von Fellenberg frå Bern. Med seg på turen hadde han fjellførarane Johann Bischoff, Peter Egger, Peter Inäbnit og Peter Michel frå Lauterbrunnen og Grindelwald.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Breithorn (Lauterbrunnen)» frå Wikipedia på tysk, den 7. oktober 2009.