Hopp til innhald

Vinmonopolet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vinmonopolet


Org.formAksjeselskap
Org.nr.817209882
Skipa30. november 1922
EigarHelse- og omsorgsdepartementet
HovudkontorOslo
LandNoreg
Produktalkoholhaldig drikke
Grunnleggjar(ar)Stortinget
StyreleiarÅsne Havnelid (2022)
Adm.dir.Hilde Britt Mellbye (2016)
Salsinntekter14 000 000 000 norsk krone (2010)
Omsetnad14 000 000 000 norsk krone (2010)
Nettstadhttps://vinmonopolet.no/ (norsk), https://www.vinmonopolet.no/vmp/english-category (engelsk)

AS Vinmonopolet er eit norsk særlovselskap eigd av staten under Helse- og omsorgsdepartementet.[1][2] Føretaket har eit statleg, nasjonalt monopol på butikksal av vin, brennevin og sterkøl.

Vinavdelinga på vinmonopolet på Briskeby i Oslo.

Vinmonopolet vart etablert som eit privat aksjeselskap under statleg kontroll 30. november 1922.[3] Etterkvart kjøpte staten ut dei private eigarinteressene, og etter 1939 har Vinmonopolet vore eit fullt ut statleg føretak.[4][5]

I 2023 hadde AS Vinmonopolet 348 butikkar og rundt 2000 tilsette.[6][7]

  1. omsorgsdepartementet, Helse-og (13. november 2006), «AS Vinmonopolet», Regjeringen.no (på norsk), henta 18. oktober 2022 
  2. «særlovsselskap». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 28. september 2021. 
  3. Ekberg, Espen (10. september 2024). «Vinmonopolet». Store norske leksikon (på norsk). 
  4. omsorgsdepartementet, Helse-og (13. november 2006), «AS Vinmonopolet», Regjeringen.no (på norsk bokmål), henta 3. november 2024 
  5. «Vinmonopolet – Oslo byleksikon», oslobyleksikon.no, henta 3. november 2024 
  6. «Vinmonopolets styre vedtar tre nye butikker for 2024», vinmonopolet.no (på norsk), henta 3. november 2024 
  7. «Jobbe i Vinmonopolet», vinmonopolet.no (på norsk), 29. oktober 2024, henta 3. november 2024 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]