Hopp til innhald

One Night in Time

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
One Night in Time
Studioalbum av Donovan
Utgjeve 1993
Innspelt 1993
Sjanger Folkrock
Produsent Bob Rose
Donovan-kronologi 
Rising
(1990)
One Night in Time Sutras
(1996)


One Night in Time er det attande studioalbumet til den skotske visesongaren Donovan. Det kom ut i Japan i 1993 på kassett.

Etter at albumet Lady of the Stars i 1984 selde dårleg i både USA og Storbritannia, trekte Donovan seg mellombels attende frå å spele inn fleire studioalbum. I 1900 vart albuma til Donovan frå 60-talet gjevne ut på CD for første gong. I 1990 kom konsertalbumet Rising og i 1992 Epic Records-boksen Troubadour: The Definitive Collection 1964-1976 som òg førte musikken til Donovan attende i platehyllene.

Sjølv om det var fornya interesse i musikken til Donovan dei neste få åra, var han i 1993 framleis utan platekontrakt i USA og Storbritannia. Donovan har alltid hatt ein stor tilhengjarskare i Japan, og klarte å få ut One Night in Time der i 1993. Albumet kom derimot berre ut på kassett.

Alle songar er skrivne av Donovan Leitch, bortsett frå der andre er nemnde.

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«One Night in Time»Donovan Leitch, Warwick Embury 
2.«Dear Heart»  
3.«You Got Me Reeling»  
4.«The Sensitive Kind»J. J. Cale 
5.«Runaway»  
6.«When All the World is Young»  
7.«You Do Belong (Teenage Suicide)»  
8.«What's a Girl...»  
9.«Forever Your Love»  
10.«There Are No Roads»  
  • Donovan: vokal, akustisk gitar
  • Steve Jones: gitar.
  • Lawrence Juber: gitar.
  • Matthew Seligman: bass
  • Jim Keltner: trommer
  • Robbie Blunt: slidegitar og korvokal
  • Marie Brennan: korvokal
  • Astrella Leitch: korvokal

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]