Militær taktikk
Militær taktikk (gresk taktikē, kunsten å stille opp ei militær eining til strid) er ein del av krigsvitskapen. Nokre vil òg kalla dette krigskunst. Det handlar om å bruka dei ulike militære einingane slik at ein når militære målsetjingar.
Taktikken gjeld basisen for oppstilling av troppane, rørsle og strid, bruk av våpen og våpengreinar og samansetjinga av desse på nivå frå lag til og med brigade
For arménivå nyttar ein uttrykket operasjonell kunst, og på generalstabsnivå brukar ein militær strategi. Samansett skal taktikken vinna slaget, medan strategien skal vinna krigen. «Taktikk» kan òg brukast generelt for å vise framgangsmåtar til å nå mål i kvardagen. I Noreg er taktisk kommando underlagt det operasjonelle kommandonivået (FOH), til dømes Brigadekommando, Norwegian Task Group (NorTG) eller Norwegian Air Operations Centre (NAOC).
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Gerhard Muhm, German Tactics in the Italian Campaign, http://www.larchivio.org/xoom/gerhardmuhm2.htm
- Gerhard Muhm, La tattica tedesca nella campagna d'Italia, in linea gotica avamposto dei Balcani, (Hrsg.) Amedeo Montemaggi - Edizioni Civitas, Roma 1993
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Carl von Clausewitz
- Strategi
- Oppdragstaktikk
- Kommandostyring
- Lynkrig
- Infiltrasjonstaktikk
- Eld og rørsle
- Argumentasjon
- Hersketeknikk
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Forsvarets fellesoperative doktrine - Arkivert 2017-10-07 ved Wayback Machine.