Göran Tunström
Göran Tunström | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 14. mai 1937 Sunne |
Død |
5. februar 2000 (62 år) |
Yrke | omsetjar, lyrikar, skribent |
Språk | svensk |
Ektefelle | Lena Cronqvist |
Göran Tunström på Commons |
Göran Tunström (14. mai 1947–5. februar 2000) (fødd i Karlstad, død i Stockholm) var ein svensk forfattar.
Han voks opp på den vesle staden Sunne i Värmland der far hans var prest. Faren døydde allereie då Göran Tunström var 12 år gamal, og familien flytta då frå prestegarden til eit lite husvære. Tapet av faren vart eit sentralt tema i forfattarskapet. Mesteparten av romanane hans har utgangspunkt i, eller føregår i Sunne, så det var fort å kategorisera han som ein heimstaddiktar, men då det store gjennombrotet hans kom med Juloratoriet (1983), etterfølgd av Tjuven (1986), fall i staden Sunne på plass som eit Macondo i ein magisk realisme. Juloratoriet vart filmatisert i 1996, regi: Kjell-Åke Andersson. Bøkene hans er omsett til mange språk og han er ein velkjend forfattar også utanfor Sverige og Norden, kanskje særleg i Tyskland.
Triva
[endre | endre wikiteksten]- Han brukte psevdonymet Paul Badura Mörk då han skreiv kriminalromanen Hallonfallet.
- Ifølgje Leonard Cohen har forfattaren Axel Jensen fortalt at figuren Lorenzo i romanen Joacim (1961) er bygd på Tunström.
- Han ligg gravlagd på kyrkjegarden i Sunne, like ved prestegarden der han voks opp.
- Föreningen Värmlandslitteratur feirar Göran Tunström-dagen kvart år på fødselsdagen hans den 14. mai.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- 1958 Inringning, dikt
- 1960 Två vindar, dikt
- 1961 Karantän, roman
- 1962 Nymålat, dikt
- 1962 Maskrosbollen, roman
- 1964 Familjeliv, roman
- 1965 Om förtröstan, dikt
- 1966 De andra de till hälften synliga, dikt
- 1967 Hallonfallet
- 1969 Samtal med marken, dikt
- 1973 De heliga geograferna, roman
- På norsk:
- 1995 De hellige geografene, omsett av Per Qvale (J.W. Cappelens Forlag, Oslo)
- På norsk:
- 2002 Guddøtrene, omsett av Per Qvale (J.W. Cappelens Forlag, Oslo)
- På norsk:
- 1991 Prestungen, omsett av Per Qvale (J.W. Cappelens Forlag, Oslo)
- På norsk:
- 1987 Ørkenbrevet, omsett av Per Qvale (J.W. Cappelens Forlag, Oslo)
- På norsk:
- 1984 Juleoratoriet, omsett av Per Qvale (J.W. Cappelens Forlag, Oslo)
- 1984 Indien - en vinterresa, reiseskildringar
- På norsk:
- 1989 India - en vinterreise, omsett av Per Qvale (J.W. Cappelens Forlag, Oslo)
- 1986 Tjuven, roman
- På norsk:
- 1986 Tyven, omsett av Per Qvale (J.W. Cappelens Forlag, Oslo)
- På norsk:
- 1992 Det sanne livet, omsett av Per Qvale (J.W. Cappelens Forlag, Oslo)
- 1993 Under tiden
- På norsk:
- 1994 Ventetid, omsett av Per Qvale (J.W. Cappelens Forlag, Oslo)
- 1996 Skimmer, roman
- På norsk:
- 1997 Skimmer, omsett av Per Qvale (J.W. Cappelens Forlag, Oslo)
- 1996 En prosaist i New York
- På norsk:
- 2000 En prosaist i New York, omsett av Per Qvale (J.W. Cappelens Forlag, Oslo)
- 1998 Berömda män som varit i Sunne, roman
- På norsk:
- 1999 Berømte menn som har vært i Sunne, omsett av Per Qvale (J.W. Cappelens Forlag, Oslo)
Priser og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- 1976 Svenska Dagbladets litteraturpris
- 1984 Nordisk Råds litteraturpris for romanen Juloratoriet
- 1987 Selma Lagerlöf-prisen
- 1998 Nils Ferlin-prisen
- 1998 August-prisen