Yitzhak Shamir
Yitzhak Shamir | |
Statsborgarskap | Israel |
Fødd | 22. oktober 1915 Ružany |
Død | |
Yrke | politikar, diplomat |
Språk | engelsk, fransk, jiddisch, tysk, polsk, hebraisk |
Politisk parti | Likud, Herut, Fighters' List, Likud |
Ektefelle | Shulamit Shamir |
Yitzhak Shamir på Commons |
Yitzhak Shamir (15. oktober 1915–30. juni 2012) var ein israelsk politikar frå høgrepartiet Likud; statsminister i Israel i periodane 1983-84 og 1986-92.
Han vart døypt Icchak Jaziernicki då han vart fødd i Różana i dåverande Polen, no Ruzjany i Kviterussland. I 1935 emigrerte han til Palestina. Før staten Israel vart oppretta i 1948, var Shamir operativ leiar for den jødiske terrorgruppa LEHI (Sternligaen), som mellom anna drap den SN-utsende fredsmeklar Folke Bernadotte.
Frå 1955 til -65 arbeidde han i etterretningsorganisjonen Mossad. Sidan engasjerte han seg i politikken for Likud. Han var medlem av Knesset frå 1973 og var åra 1977-80 parlamentpresident. Deretter var han i perioden 1980-83 utanriksminister i Menachem Begin si regjering. I oktober 1983 tok han over som leiar av Likud-regjeringa, ei regjering som gjekk av eit knapt år seinare. Hausten 1986 kom han tilbake som regjeringssjef, og vart sitjande som leiar av Israel i nærare seks år.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Yitzhak Shamir» frå Wikipedia på dansk, den 21. mai 2009.