Liu Xiaobo
Liu Xiaobo | |||
| |||
Fødd | 刘晓波 Liú Xiǎobō, IPA [ljōẃ ɕjàw b̥óː] 28. desember 1955 Changchun | ||
---|---|---|---|
Død | 13. juli 2017 Shenyang | ||
Nasjonalitet | Folkerepublikken Kina | ||
Område | litteraturkritikk | ||
Yrke | lyrikar, skribent, menneskerettsaktivist, litteraturkritikar | ||
Institusjonar | Columbia University Johns Hopkins University | ||
Alma mater | Jilinuniversitetet Beijings pedagogiske universitet Beijings pedagogiske universitet Pekinguniversitetet High School Attached to Northeast Normal University | ||
Doktorgradsrettleiar | Huang Yaomian Tong Qingbing | ||
Ektefelle | Liu Xia |
Liu Xiaobo (28. desember 1955–13. juli 2017) var ein kinesisk litteraturvitar og regimekritikar fødd i Changchun i Jilin-provinsen i Folkerepublikken Kina. Han blei tildelt Nobels fredspris i 2010 «for hans lange og ikke-voldelige kamp for sentrale menneskerettigheter i Kina».[1]
Yrkesbakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Liu tok fil.kand.-graden i litteratur ved Jilinuniversitetet i 1982 og ein magistereksamen i litteratur ved Beijings pedagogiske universitet. Ved same universitetet tok Liu deretter doktorgraden i litteratur i 1988. Han var gjesteforskar ved fleire utanlandske institusjonar, mellom anna ved Austasiatisk Institutt ved Universitetet i Oslo (tre månadar), University of Hawaii og Columbia University.
Politisk aktivitet
[endre | endre wikiteksten]Liu var lenge kjend som ein frittalande kritikar av Kinas kommunistiske parti og han var aktiv i protestane på Den himmelske freds plass i 1989, noko som førte til fridomstap for to år samt til at han miste stillinga si ved Beijing pedagogiske universitet. På 1990-talet var han politisk aktiv i demokratirørsla, og blei av og til arrestert av politiet for aktivitetane sine.
I desember 2008 underteikna han eit politisk manifest for meir demokrati i Kina, Charta 08, i lag med eit hundretal andre intellektuelle. Kort tid etterpå blei han arrestert. Den 25. desember 2009 blei han dømd til 11 års fengsel,[2] og sat fengsla i Jinzhou-fengselet i Liaoning-provinsen nordaust i Kina.[3]
Nobels fredspris for 2010
[endre | endre wikiteksten]Liu Xiaobo fekk i 2010 Nobels fredspris.[4] Mellom dei som nominerte han til fredsprisen var Václav Havel, den amerikanske PEN-klubben, ei gruppe amerikanske kongressmedlemer og stortingsrepresentant Jan Tore Sanner.[3]
Død
[endre | endre wikiteksten]I mai 2017 blei han diagnostisert med framskriden leverkreft. Dei kinesiskes styresmaktene nekta å frigje han for eventuell behandling utanlands.[5] Han blei halden under overvaking ved eit sjukehus i Shenyang, og døydde få veker seinare.[6]
Liu Xia, kona til Liu, blei sett i husarrest etter nobelpristildelinga. Ho blei sett fri etter åtte år, eit år etter at mannen døydde, i juli 2018.[7]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på «Liu Xiaobo» frå Wikipedia på bokmål, den 9. oktober 2010.
- Den norske Facebook-sida: "Frigi Lui Xiaobo"
- Fotnotar
- ↑ «Nobels Fredspris 2010», nobelpeaceprize.org
- ↑ http://www.nytimes.com/aponline/2009/12/24/world/AP-AS-China-Dissident-Sentence.html?_r=1
- ↑ 3,0 3,1 «Liu Xiabos kone: -En stor ære» Aftenposten 8. oktober 2010
- ↑ «Liu Xiaobo får Nobels fredspris», Aftenposten 8.oktober 2010
- ↑ Marit Kolberg (12. juli 2017). «– Liu Xiaobo er døende». NRK.no.
- ↑ Geir Barstein (13. juli 2017). «Liu Xiaobo (61) er død: – Han var en helt i kampen for demokrati». NRK.no.
- ↑ «Liu Xia løslatt: Ønskes velkommen til Norge av Nobelkomiteen». NRK.no. 10. juli 2018.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- That Holy Word "Revolution", artikkel av Liu Xiaobo (på engelsk).
- Liu Xiaobos skrifter (på kinesisk)
- Dommen mot Liu Xiaobo (engelsk)
- Presentasjon av Liu Xiaobo nobelpeaceprize.org
- Fri Liu Xiaobo Nå Arkivert 2010-10-11 ved Wayback Machine.