Egil Lillestøl
Egil Lillestøl | |||
| |||
Fødd | Egil Sigurd Lillestøl 19. mars 1938 Bergen | ||
---|---|---|---|
Død | 27. september 2021 Valence | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | partikkelfysikk | ||
Yrke | fysikar, professor | ||
Alma mater | Universitetet i Bergen | ||
Medlem | Norges Tekniske Vitenskapsakademi Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab |
Egil Sigurd Lillestøl (19. mars 1938–27. september 2021) var ein norsk fysikar.
Lillestøl vart professor på Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen i 1984. Han arbeida mykje med å popularisere fysikkforsking, særleg for ungdom. Han oppheldt seg ved CERN i Sveits kvart vårsemester der han var ansvarleg for den europeiske og for den latinamerikanske skule i partikkelfysikk. Lillestøl var i seinare år opptatt av globale energispørsmål og ei mogeleg løysing på dei globale energiproblema i form av ein akseleratordriven kjernereaktor basert på thorium. Lillestøl tok til orde for å etablere bruk av atomkraft for å løyse den internasjonale energikrisa,[1] og særleg gjekk han inn for at Noreg skulle bygge ein prototype på ein thoriumreaktor.[2][3] Han hadde og forskingsopphald ved College de France i Paris og DESY i Tyskland.
Han dreiv mykje med populariseringsarbeid i form av radio- og fjernsynsprogram, avisartiklar og foredrag. Han var med å skreiv den populærvitskapelege boka The Search for Infinity (1994, norsk omsetjing, Ferden mot det uendelige, 1995).
Utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]I 2007 vart han tildelt Norges forskningsråds formidlingspris for «formidling av grunnleggande fysikk til skuleelevar og publikum».[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Egil Lillestøl» frå Wikipedia på engelsk, den 15. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 18. november 2006, henta 15. august 2012
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 15. juli 2007, henta 15. august 2012
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 26. september 2011, henta 15. august 2012
- ↑ «Noregs forskingsråds prisar: prisvinnarar». Forskningsrådet. 9. juli 2009. Henta 16. august 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Publikasjonar av Egil Lillestøl i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin