Antonio Cesti
Antonio Cesti | |||
Fødd | Døypt 5. august 1623 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Arezzo i Italia | ||
Død | 14. oktober 1669 (46 år) | ||
Dødsstad | Firenze | ||
Periode | Barokken | ||
Sjanger | Opera, vokalmusikk | ||
Instrument | pipeorgel, vokal | ||
Stemmetype | tenor | ||
Verka som | Komponist, songar og organist |
Antonio Cesti (1623–14. oktober 1669) var ein italiensk komponist, songar (tenor) og organist i barokken. Han var den mest hylla italienske musikaren i sin generasjon.[1]
Liv
[endre | endre wikiteksten]Han vart fødd i Arezzo og studerte med forskjellige lokale musikarar. I 1637 vart han medlem av fransiskanarordenen. Medan han var i Volterra vendte han seg mot verdsleg musikk, truleg verna av den mektige Medici-familien. Her kom han òg i kontakt med Salvator Rosa, som skreiv librettoar for mange av kantatane til Cesti. I 1650 vart Cesti munk og suksessen som songar og operakomponist kom i konflikt med denne rolla, og han fekk ein offisiell reprimande. I 1652 vart han medlem i hoffet til erkehertug Ferdinand Karl i Innsbruck. Han hadde òg ein post ein stad i Firenze som maestro di cappella, og han fekk ein post i pavekapellet i 1660. I 1666 vart han vise-kapellmeister i Wien og døydde i Firenze i 1669.
Verk
[endre | endre wikiteksten]Cesti er hovudsakleg kjend som operakomponist. Dei mest hylla av desse var La Dori (Venezia, 1663), Il pomo d'oro (Wien 1668) og Orontea (1656). Il pomo d'oro (Det gylne eplet) vart framført for bryllaupet til keisar Leopold I. Denne var langt meir utførleg enn andre venetianske operaer, og omfatta eit stort orkester, fleire kor og forskjellig mekanisk utstyr til å senke ting som gudar ned frå himmelen på scenen, (deus ex machina), sjøslag og stormar. Orontea vart fornya sytten gonger dei neste tretti åra, og vart ein av dei mest framførte operaene på midten av 1600-talet. Sjølv Samuel Pepys eigde ein kopi av operaen.
Cesti komponerte òg kammerkantater og operaene hans er kjende for den reine og delikate stilen med air-satsane, som høvde meir for kammermusikk enn for scenen. Han skreiv i bel canto-stilen frå 1600-talet og komposisjonane hans var kraftig påverka av karrieren hans som profesjonell songar. Komponeringa hans var sterkt prega av den utviklande tonaliteten på denne tida.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Francesco Cavalli
- Claudio Monteverdi, levde samstundes med Cesti
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Antonio Cesti» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mai 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Tekst frå Encyclopædia Britannica si 11. utgåve, eit leksikon som i dag er offentleg eigedom.
- David L. Burrows. «Antonio Cesti", Grove Music Online, ed. L. Macy, grovemusic.com Arkivert 2008-05-16 ved Wayback Machine. (krev abonnement).
- Grout, Donald; Claude Palisca. A History of Western Music, 6. utgåve. W.W. Norton & Company. New York, 2001.
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 16. mai 2008, henta 1. mai 2010