Lomen stavkyrkje
Lomen stavkyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Vestre Slidre | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Hamar | ||
Prosti | Valdres | ||
Sokn | Lomen | ||
Type | stavkyrkje med heva midtrom | ||
Periode | mellomalderen | ||
Teknikk | stavverk | ||
Material | tre | ||
Innvigd | ca. 1180 | ||
Stopul | inne på kyrkjegarden | ||
Kyrkjegard | ved kyrkja | ||
Lomen stavkyrkje 61°08′05″N 8°55′26″E / 61.134850025°N 8.9239472222222°E | |||
Wikimedia Commons: Lomen stave church |
Lomen stavkyrkje er ei stavkyrkje med heva midtrom som ligg i bygda Lomen i Vestre Slidre kommune i Innlandet. Ved hjelp av årringsdatering er kyrkja datert til 1179. Dei første skrivne kjeldene som omtaler kyrkja er frå 1325 og 1334.
Kyrkja blei seinare bygd om og gjort større i 1779. Ho gjekk ut av dagleg bruk i 1914 då den nye Lomen kyrkje var ferdig om lag 2 km lenger nord.
Innvendig er kyrkja støtta på fire stavar, ho har tre utskårne portalar, arkadar og søylekapitel.
Under den siste restaureringa av kyrkja blei det utført ei arkeologisk utgraving, og 71 gjenstandar blei funne, blant anna delar av smykke og myntar. Nokon av myntane stamma frå 1100-talet.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]Bugge Gunnar & Mezzanotte Bernadino. (1994) Stavkirker. Oslo. s. 45, ISBN 82-504-2072-1.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Lomen stavkyrkje hjå Riksantikvaren. Arkivert 2012-07-16 ved Wayback Machine.
- Lomen stavkyrkje i Stavkirke.org. Arkivert 2005-02-13 ved Wayback Machine.
- Lomen Church i Valdres Samband. (engelsk)
- «Lomen stavkyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Lomen stavkyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren