Jan Smit
Jan Smit | |||
| |||
Fødd | 31. desember 1985 (38 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Volendam | ||
Fødenamn | Johannes Hendricus Maria Smit | ||
Opphav | Kongeriket Nederlanda | ||
Aktiv | 1996– | ||
Sjanger | pop, Palingsound | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | programleiar, arrangementvert, songar, skodespelar, låtskrivar | ||
Prisar | Gouden Harp, offiser i Oranje-Nassau-ordenen, Goldene Stimmgabel |
Johannes Hendricus Maria Smit (fødd 31. desember 1985 i Volendam), betre kjend som Jan Smit, er ein nederlandsk songar, programleiar, skodespelar og fotballeiar.
Smit byrja karrieren som tiåring, under namnet Jantje Smit, i gutegruppa Volendam MWN. Seinare lanserte han ein solokarriere før han i 2015 vart med i den nederlandske slagergruppa KLUBB3, og vidare i slagergruppa De Toppers i 2017. Som programleiar har han jobba med program som De beste zangers van Nederland og TROS Muziekfeest. Sidan 2011 har han kommentert Eurovision Song Contest. Smit vart vald til å leie Eurovision Song Contest i 2020 saman med Edsilia Rombley og Chantal Janzen. Den 18. mars 2020 vart Eurovision Song Contest avlyst på grunn av koronapandemien i Europa vinteren 2020.[1] I staden leia han erstatningsprogrammet Eurovision: Europe Shine a Light i mai 2020, i tillegg til å leie Eurovision Song Contest 2021.[2]
Smit syng vanlegvis på nederlandsk innan sjangrane pop, slager og danseband.[3] Han har også vore ambassadør for SOS Barnebyar og er styremedlem i fotballklubben FC Volendam.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst». NRK (på norsk bokmål). Henta 19. mars 2020.
- ↑ «The 4 ways to make Eurovision 2021 happen». eurovision.tv (på engelsk). 18. september 2020. Henta 19. september 2020.
- ↑ eurovision.tv (4. desember 2019). «Exclusive: Introducing the Eurovision 2020 presenters!». EBU. Henta 4. desember 2019.
- ↑ Jan Smit nieuwe voorzitter FC Volendam, FC Volendam, 2. mai 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Jan Smit» frå Wikipedia på bokmål, den 17. desember 2022.