Hopp til innhald

Danny Boy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Danny Boy»
Låtskrivar Frederick Weatherly (tekst)
Publisert 1913

«Danny Boy» er ein ballade skriven av den engelske låtskrivaren Frederic Weatherly og vanlegvis til den irske melodien kalla «Londonderry Air».[1] Han er oftast tett knytt til irsk kultur.

Songen vart opphavleg skriven til ein annan melodi enn «Londonderry Air» av den engelske advokaten og tekstforfattaren Frederic Weatherly i Bath i Somerset i 1910. Etter at den irskfødde svigerinna hans Margaret (kjens som Jess) i USA sende han ein kopi av «Londonderry Air» i 1913 (ein alternativ versjon der ho syng melodien til han i 1912 med annan tekst), endra Weatherly teksten til «Danny Boy» for å passe rima og takten i «Londonderry Air».[2][3]

Weatherly gav songen til vokalisten Elsie Griffin, som gjorde songen til ein av dei mest popuære songane i det nye hundreåret, og i 1915 produserte Ernestine Schumann-Heink den første innspelinga av «Danny Boy».

Jane Ross frå Limavady har fått æra for å ha henta inn melodien til «Londonderry Air» midt på 1800-talet frå ein musikar ho møtte.[4]

Det finst fleire variantar av teksten. Den følgjande er den originale versjonen:

«

Oh, Danny Boy, the pipes, the pipes are calling
From glen to glen, and down the mountain side.
The summer's gone, and all the roses falling,
'Tis you, 'Tis you must go and I must bide.
But come ye back when summer's in the meadow,
Or when the valley's hushed and white with snow,
For I'll be here in sunshine or in shadow,—
Oh, Danny Boy, oh Danny Boy, I love you so!

But when ye come, and all the flowers are dying,
If I am dead, as dead I well may be,
Ye'll come and find the place where I am lying,
And kneel and say an Ave there for me.
And I shall hear, though soft you tread above me,
And all my grave will warmer, sweeter be,
For you will bend and tell me that you love me,
And I shall sleep in peace until you come to me!
(Oh Danny Boy, Oh Danny boy, I love you so.)
[2][5]

»

Det finst fleire teoriar om den sanne tydinga av «Danny Boy».[6] Somme lyttarar har tolka songen som ei melding frå ein forelder til ein son som skal i krigen eller reiser bort som ein del av ein irsk diaspora.[treng kjelde]

Versjonen frå 1918 av notearket inneheld ein alternativ tekst («Eily Dear»), med instruksjonar om at «når sungen av ein mann skal orda i kursiv nyttast; songen vert då «Eily Dear», slik at «Danny Boy» berre skal syngast av ei kvinne». Trass i dette er det uklårt kva Weatherly meinte.[7]

«Danny Boy» vert rekna som ein uoffisiell signaturlåt og hymne, særleg for irsk-amerikanarar og irsk-kanadiske.[8]

Songen er ofte nytta i gravferder.[9] I 1928 føreslo Weatherly sjølv at det andre verset ville høve som eit rekviem for skodespelarinna Ellen Terry.

Ein storbandversjon av songen vart nytta som kjenningsmelodi for The Danny Thomas Show.

«Danny Boy» vart nytta til å representere Nord-Irland i starten av opningsseremonien til sommar-OL 2012 i London, sungen av eit barnekor.

Kjende innspelingar

[endre | endre wikiteksten]

«Danny Boy» har blitt spelt inn fleire gonger av mange artistar.

År Artist Utgjeving Merknad
1939 Gracie Fields Shipyard Sally
1940 Judy Garland Little Nellie Kelly Garland song òg songen på konsertar i Irlalnd og Skottland, og mest kjend på debutkonserten hennar i New York Palace Theatre i 1951
1940 Glenn Miller and His Orchestra #17 på Billboard;[10] Arrangert av Glenn Miller og pianisten Chummy MacGregor
1945 Bing Crosby Merry Christmas i lag med «I'll Be Home for Christmas» på den originale plata
1946 Deanna Durbin Because of Him
1950 Al Hibbler Danny Boy #9[11]
1957 Sam Cooke Sam Cooke
1959 Conway Twitty #10 (Hot 100) og #18 (R&B)[12] og #1 i Italia.[13][14] Versjonen hans vart bannlyst av BBC.[15]
1960 Jim Reeves Tall Tales and Short Tempers
1961 Andy Williams Danny Boy and Other Songs I Love to Sing #15 på U.S. adult contemporary-lista og #64 på Billboard.
1962 Maureen O'Hara Maureen O'Hara Sings Her Favorite Irish Songs CBS Records
1962 Connie Francis Connie Francis Sings Irish Favorites
1962 Bill Evans Empathy
1964 Patti LaBelle and the Bluebelles Danny Boy #76[16]
1964 The Seekers The Seekers (a.k.a. Roving with The Seekers) Vokal av Judith Durham
1965 Johnny Cash Orange Blossom Special
1965 Al Hirt That Honey Horn Sound
1965 Jackie Wilson #94 (Hot 100) og #25 (R&B)[17]
1967 Ray Price #60 (Hot 100) og #9 (Country)[18]
1967 Sarah Vaughan It’s a Man’s World
1969 The Beatles Let It Be Mot slutten av One After 909 under takkonserten på Apple den 30. januar 1969 syng Beatles den første linja
1969 Cher Jackson Highway
1969 Tom Jones Las Vegas to London: The Best of Tom Jones Live
1972 Roy Orbison Memphis I Orbison sin versjon er songaren Danny Boy som hugsar då faren (som sidan var død) sa farvel til han
1975 Joan Baez Diamonds & Rust I ein medley med Stephen Foster sin «Jeanie with the Light Brown Hair»
1976 Elvis Presley From Elvis Presley Boulevard, Memphis, Tennessee Songen var ein av Elvis og faren Vernon sine favorittar og vart spelt i gravferda til Elvis
1979 Kelly Family The Kelly Family (debutalbum)
1979 Thin Lizzy Black Rose: A Rock Legend Gary Moore og Phil Lynott i Thin Lizzy hadde tidlegare spelt inn ein instrumentalversjon kalla Dan, på albumet Tribute to Deep Purple i 1972
1979 Willie Nelson One from the Road
1980 The Leprechaun Brothers (Swedish Chef, Beaker og Animal) The Muppet Show Episode 520: Wally Boag Ein komisk versjon av songen på The Muppet Show
1987 Tony Bennett Jazz Med Stan Getz på tenorsaksofon, Herbie Hancock på piano, Ron Carter på bass og Elvin Jones på trommer
1990 Carly Simon My Romance
1991 Swingle Singers Around the World, Folk Songs (1991) Virgin Classics – aka (Around the World) Folk Music
1994 Jerry Lee Lewis The Locust Years...And the Return to the Promised Land [19]
1995 Charlie Haden og Hank Jones Steal Away
1996 Eric Clapton Change the World
1996 Shane MacGowan and the Popes Christmas Party E.P.
1998 Sinéad O'Connor The Sea of Dreams Sinéad O'Connor framførte songen og la til eit tredje, politisk vers på fløytespelaren Davy Spillane sitt album The Sea of Dreams
1998 Charlotte Church Voice of an Angel
1998 Jacintha Here's to Ben
1998 Riot Inishmore utgjeve på den japanske utgåva i instrumental form
1999 Harry Connick jr. Come by Me
2000 Judy Collins Live at Wolf Trap CD & DVD
2001 The Irish Tenors Ellis Island Nyutgjeving av albuma The Very Best of The Irish Tenors (2002), Heritage (2004), og Ireland (2010)[20]
2002 Declan Galbraith Declan
2002 Megan Mullally Big as a Berry
2002 Rubén Blades Mundo
2002 Johnny Cash American IV: The Man Comes Around
2002 Eva Cassidy Imagine
2003 Von Trapp Children Volume 1
2004 Christy Moore The Box Set 1964–2004
2004 Lena Martell My Homeland
2004 Mormon Tabernacle Choir America's Choir Dette arrangementet var acappella
2005 Celtic Woman Celtic Woman
2008 Celtic Thunder Act Two
2011 Girls' Generation 2011 Girls' Generation Tour Five
2011 Jackie Evancho Dream With Me innspeling med Chris Botti som bonusspor for nedlasting
2012 Celtic Thunder Voyage II
2012 Vocal Point Lead Thou Me On: Hymns and Inspiration
2013 John Butler Trio Tin Shed Tales John Butler-solo for denne songen.
2013 Renée Fleming Guilty Pleasures
2013 The Gothard Sisters Compass #11
2013 William Control Skeleton Strings
2014 Celtic Woman Emerald: Musical Gems CD & DVD
  1. Why the name Londonderry Air? Arkivert 2001-01-11 ved Wayback Machine. Henta 16. juni 2012.
  2. 2,0 2,1 «Fred Weatherly's own description of writing Danny Boy». Arkivert frå originalen 11. januar 2001. Henta 3. mars 2015. 
  3. In Sunshine And In Shadow: The family story of Danny Boy by Anthony Mann (Weatherly's great grandson) ISBN 1300775017
  4. George Petrie: The Ancient Music of Ireland, 1855
  5. «Danny boy; Old Irish air». Historic American Sheet Music. Duke University Libraries. Henta 3. mars 2015. 
  6. «The true meaning of Danny Boy». Arkivert frå originalen 11. januar 2001. Henta 3. mars 2015. 
  7. McCourt, Malachy (30 Mar 2005). Danny Boy: The Legend of the Beloved Irish Ballad (Reprint utg.). New American Library. s. 128. ISBN 0-451-20806-4. 
  8. Hinnesbusch, Patricia D. «Irish Song Danny Boy Meaning and History of Irish Ballads.» Symbol Meaning for Hundreds of Symbols & Symbol Resources. Living Arts Enterprises, LLC, 14 Sept. 2010.
  9. No byline (2001-08-10), «'Danny Boy' cannot be played during Mass". National Catholic Reporter. 37 (36):11
  10. Danny Boy Chart Position Henta 16. juni 2012.
  11. Danny Boy Chart Position Henta 16. juni 2012.
  12. Danny Boy Chart Position Henta 16. juni 2012.
  13. SINGOLI - I NUMERI UNO (1959–2006), arkivert frå originalen 21. januar 2012, henta 3. mars 2015 
  14. Hit Parade Italia 26 Marzo 1960
  15. Leigh, Spencer (2008). This Record Is Not to Be Broadcast Vol. 2: 50 More Records Banned by the BBC (liner notes). Fantastic Voyage. FVDD 038. 
  16. Danny Boy Chart Position Henta 16. juni 2012.
  17. Danny Boy Chart Position Henta 16. juni 2012.
  18. Danny Boy Chart Position Henta 16. juni 2012
  19. Jerry Lee Lewis, The Locust Years...And the Return to the Promised Land Henta 3. mars 2015.
  20. «Official Website of The Irish Tenors | Diskografi». Arkivert frå originalen 5. januar 2013. Henta 27 October 2012. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikisource

Originaltekst av Danny Boy ved Wikisource.