One of These Nights
One of These Nights Studioalbum av Eagles | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 10. juni 1975 | |
Innspelt | Mac Emmerman's Criteria Studios i Miami og Record Plant Studios i Los Angeles, CA, 1974-1975 | |
Sjanger | ||
Lengd | 43:15 | |
Selskap | Asylum | |
Produsent | Bill Szymczyk | |
Eagles-kronologi | ||
---|---|---|
On the Border (1974) |
One of These Nights | Their Greatest Hits (1971–1975) (1976) |
Singlar frå One of These Nights | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [3] |
Robert Christgau | C+[4] |
Rolling Stone | [5] |
One of These Nights er det fjerde studioalbumet til Eagles, gjeve ut i 1975. Tittelsongen på albumet vart den andre singelen deira som nådde toppen av singellista Billboard Hot 100 i USA, i juli det året. Albumet inneheldt i alt tre singlar som nådde topp 10, «One of These Nights», «Lyin' Eyes» og «Take It To The Limit», med ein høvesvis første-, andre- og fjerdeplass. Albumet vart òg det første som toppa albumlista i USA for bandet. Det selde fire millionar eksemplar og vart nominert til årets album under Grammyprisen det året. «Lyin' Eyes» vart òg nominert til årets singel. «Take It To The Limit» vart den første singelen til bandet som selde til gullplate.
One of These Nights er det siste Eagles-albumet med gitaristen Bernie Leadon, som seinare vart erstatta av Joe Walsh. Leadon slutta i bandet etter One Of These Nights-turneen. Det sjuande sporet, «Visions», er den einaste Eagles-songen der Don Felder syng solovokal. Albumet vart det kommersielle gjennombrotet til bandet, og gjorde dei til internasjonale superstjerner og eit av dei fremste banda i USA. Bandet drog ut på verdsturné for å marknadsføre albumet. Fleetwood Mac var oppvarmingsband for dei på turneen.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «One of These Nights» | Don Henley, Glenn Frey | Don Henley | 4:51 |
2. | «Too Many Hands» | Randy Meisner, Don Felder | Randy Meisner | 4:43 |
3. | «Hollywood Waltz» | Bernie Leadon, Tom Leadon, Henley, Frey | Don Henley | 4:04 |
4. | «Journey of the Sorcerer» | B. Leadon | Instrumental | 6:40 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
5. | «Lyin' Eyes» | Henley, Frey | Glenn Frey | 6:22 |
6. | «Take It to the Limit» | Meisner, Henley, Frey | Randy Meisner | 4:49 |
7. | «Visions» | Felder, Henley | Don Felder | 3:58 |
8. | «After the Thrill Is Gone» | Henley, Frey | Glenn Frey og Don Henley | 3:56 |
9. | «I Wish You Peace» | Patti Davis, B. Leadon | Bernie Leadon | 3:45 |
Songar
[endre | endre wikiteksten]«Journey of the Sorcerer»
[endre | endre wikiteksten]«Journey of the Sorcerer» var nytta som kjenningsmelodi i radioteaterversjonen av Douglas Adams-romanen The Hitchhiker's Guide to the Galaxy på BBC i 1978 og 1979. Adams sa han ønskte noko som høyrtes ut som sci-fi, men samtidig indikerte ei reise, så denne banjo-baserte instrumentalen vart den ideelle songen i følgje Adams.[6] «Journey of the Sorcerer» vart sidan nytta i ein nyinnspelt versjon for fjernsynsserien som kom i 1981, og igjen, i nok ein nyinnspeling for filmen.
«I Wish You Peace»
[endre | endre wikiteksten]«I Wish You Peace» vart skriven av Bernie Leadon og den dåverande kjærasten Patti Davis, dotter til den dåverande guvernøren i California, Ronald Reagan.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Don Felder - vokal, gitarar, slidegitar
- Glenn Frey - vokal, gitarar, piano, harmonium
- Don Henley - vokal, trommer, perkusjon, tabla
- Bernie Leadon - vokal, gitarar, banjo, mandolin, pedalsteel
- Randy Meisner - vokal, bassgitar
- Andre medverkande
- David Bromberg - fele på «Journey of the Sorcerer»
- The Royal Martian Orchestra - Strykarar på «Journey of the Sorcerer»
- Clara Potter-Sweet - Intergalactic Encyclopedia Researcher på «Journey of the Sorcerer»
- Albhy Galuten - synthesizer på «Hollywood Waltz»
- Jim Ed Norman - piano på «Lyin' Eyes» og «Take It to the Limit», orkestrering
- Konsertmeister: Sid Sharp
- dirigent: Jim Ed Norman
- Strykearrangement: Jim Ed Norman og The Eagles
Produksjon
[endre | endre wikiteksten]- Produsent: Bill Szymczyk
- Lydteknikarar: Allan Blazek, Michael Braunstein, Ed Mashal, Bill Szymczyk, Michael Verdick, Don Wood
- Kunstnarisk leiar: Gary Burden
- Design: Gary Burden
- Fotografi: Norman Seeff and Tom Kelley (cover)
- Remastering: Ted Jensen
Lister
[endre | endre wikiteksten]Album
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1975 | Pop Album | 1 |
Singlar
År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1975 | «One of These Nights» | Billboard Hot 100 | 1 |
1975 | «Lyin' Eyes» | Billboard Hot 100 | 2 |
1976 | «Take It to the Limit» | Adult Contemporary | 4 |
1976 | «Take It to the Limit» | Billboard Hot 100 | 4 |
Prisar
[endre | endre wikiteksten]År | Vinnar | Kategori |
---|---|---|
1975 | «Lyin' Eyes» | Beste popsong av duo eller gruppe med vokal |
Grammy-nominasjonar
År | Nominert | Kategori |
---|---|---|
1975 | "Lyin' Eyes" | Årets singel |
1975 | One of These Nights | Årets album |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «One of These Nights» frå Wikipedia på engelsk, den 16. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Kelley, Kitty. Nancy Reagan: The Unauthorized Biography. Simon & Schuster, New York, 1991. ISBN 0-671-64646-X
- ↑ http://www.rollingstone.com/music/albumreviews/one-of-these-nights-19750814
- ↑ http://www.allmusic.com/album/one-of-these-nights-mw0000189767
- ↑ Ruhlmann, William. «One of These Nights». Allmusic. Henta 17. august 2015.
- ↑ Christgau, Robert. «The Eagles: One of These Nights». Robert Christgau.com. Henta 17. august 2015.
- ↑ Brackett, Nathan; Hoard, Christian David (2004). Eagles. Simon and Schuster. Henta 17. august 2015.
- ↑ Adams, Douglas (1985). The Original Hitchhiker Radio Scripts. New York: Harmony. s. 32. ISBN 0517559501.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «One of These Nights" Super Seventies
- One Of These Nights by The Eagles Songfacts