Hopp til innhald

Kentin Mahé

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kentin Mahé


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 22. mai 1991 (33 år)
Paris
Idrett handball
Tok del i Sommar-OL 2016, Handball under Sommar-OL 2020 – Menn, Handball under Sommar-OL 2016 – Menn
Utmerkingar Ridder av Æreslegionen, ridder av Den nasjonale fortjenstorden

Kentin Mahé (fødd 22. mai 1991) er ein fransk handballspelar frå Paris. Han har vunne to gullmedaljar, sølv og bronse i verdsmeisterskap, gull- og sølvmedalje i olympiske sommarleikar og ein bronsemedalje i europameisterskap. Han er spelstyrar, kan også spele venstrekant.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Mahé debuterte på Frankrike sitt landslag mot Tunisia 28. oktober 2010, men fekk ikkje vere med på Frankrike sitt meisterskapslag før enn ved Handball-VM 2015. Etter siger i den meisterskapen, venta OL-sølv i Rio de Janeiro sommaren 2016. Eit halvt år seinare bidrog han til at Noreg vart slått 33–26 på fransk heimebane under Handball-VM 2017. Deretter vann han bronsemedaljar i EM 2018 og VM 2019. Under dei olympiske sommarleikane i Tokyo i 2021 vart han olympisk meister då Frankrike slo Danmark 25–23 i finalen. I VM-finalen 2023 møttest dei same to landa på nytt, der gjekk Mahé og Frankrike på eit sju-måls nederlag.

Åra frå 2008 til 2018 gjorde Mahé etter tur teneste i fire tyske handballag: Rheinland, Gummersbach, HSV Hamburg og Flensburg-Handewitt. Etter å ha vorte tysk meister i 2018, flytta han over til ungarske Veszprém. Her vart han ungarsk seriemeister 2019 og 2023, samt ungarsk cupmeister i tre år på rad. 3. mai 2019 var han lagets toppskårar då Veszprém tapte EHF-meisterliagafinalen for Vardar Skopje.

  • OL-gull: 2021 med Frankrike
  • VM gull: 2015, 2017 med Frankrike
  • OL-sølv: 2016 med Frankrike
  • VM-sølv: 2023 med Frankrike
  • EM-bronse: 2018 med Frankrike
  • VM-bronse: 2019 med Frankrike
  • Tysk seriemeister: 2018 for Flensburg-Handewitt
  • Ungarsk seriemeister: 2019 og 2023 for Veszprém
  • Ungarsk cupmeister: 2021, 2022, 2023 for Veszprém