Hopp til innhald

Harald Bohr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harald Bohr

FøddHarald Augustus Bohr
22. april 1887(1887-04-22)
København
Død22. januar 1951 (63 år)
Gentofte
NasjonalitetKongeriket Danmark
Områdematematikk, matematisk analyse
Yrkematematikar, fotballspelar, pedagog, universitetslærar
InstitusjonarKøbenhavns Universitet
Danmarks Tekniske Universitet
Alma materKøbenhavns Universitet
DoktorgradsrettleiarEdmund Landau
MedlemKungliga Vetenskapsakademien
Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab
Det bayerske vitskapsakademiet
Medaljeoversikt
Tevla for Danmark
Herrefotball
Sølv OL 1908 i London Lagkonkurranse

Harald August Bohr (22. april 188722. januar 1951) var ein dansk matematikar og fotballspelar. Han var bror til nobelprisvinnaren og fysikaren Niels Bohr.

Matematikk

[endre | endre wikiteksten]

Etter at han tok doktorgraden i 1910 vart Bohr ein framståande matematikar og grunnla feltet nesten-periodiske funksjonar. Andre arbeid var emne frå den analytiske talteorien med viktige bidrag til det enno uløyste problemet om fordelinga av nullpunkta for den riemannske zeta-funksjonen. Alle avhandlingane til Bohr vart gjevne ut i 1952.

Som student var han ein dyktig fotballspelar og spelte for det danske landslaget under sommar-OL 1908, der han vann ein sølvmedalje.

«Harald August Bohr» i Store norske leksikon, snl.no.