Hopp til innhald

Etruskarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det vestlege Middelhavet i år 509 f.Kr. var prega av tre stormakter: Etruskarane, grekarane og kartagarane.
Etruskisk sarkofag frå 500-talet fvt..

Etruskarane var eit folk som levde i det antikke Italia og Korsika frå 700-talet f.Kr. På fastlandet budde dei i Etruria i noverande Toscana og nordlege Latium. Dei snakka etruskisk, eit ikkje-indoeuropeisk språk som mogelegvis var skyld retisk og lemnisk, eller eit språkisolat.[1] Roma var truleg prega av etruskarar i byrjinga, og etruskisk kultur har derfor hatt stor påverknad på Romarriket og ettertida.

Det var romarane som kalla etruskarane Etrusci eller Tusci. Det attisk greske ordet for dei var Tyrrhēnioi (Τυρρήνιοι), noko som gav latinsk Tyrrhēni for etruskarane og Tyrrhēnum mare for havområdet no kjent som Det tyrrenske havet. Sjølv kalla folket seg rasenna, ifølge Dionysios frå Halikarnassos, I.30.3.

Etruskarane hadde si største utbreiing i førstetida til Roma og under det romerske kongedømet. Dei hadde tre byforbund: Av Etruria, av Podalen med dei austlege Alpane, og av Latium og Campania. Medan Roma låg i etruskisk område og opphavleg hadde mykje etruskisk kultur, blei etruskarane gradvis tekne opp i det italiske Roma i løpet av Den romerske republikken.

  1. «etruskisk» av Rolf Theil i Store norske leksikon, snl.no. Henta 14. september 2024.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]

Antikke kjelder:
Moderne kjelder:
  • Barker, G.; T. Rasmussen (1998): The Etruscans. London: Blackwell.
  • Bloch, Raymond (1969): The ancient civilization of the Etruscans. New York: Cowles Book.
  • Bonfante, Larissa; et al. red. (1986). Etruscan Life and Afterlife: a Handbook of Etruscan Studies. Warminster: Aris and Phillips.
  • Bonfante, Larissa (1990): Etruscan. University of California Press. ISBN 0-520-07118-2.
  • Bonfante, G.; L. Bonfante (2002): The Etruscan Language. An Introduction. Manchester University Press.
  • Brendel (1995): Etruscan art. New Haven: Yale University Press.
  • Dennis, George (1848): The Cities and Cemeteries of Etruria. London: John Murray. Tilgjengeleg Gazeteer ved Bill Thayers nettstad
  • Freeman, Edward Augustus (1893): History of Federal Government in Greece and Italy. London, New York: Macmillan and Co.

  • Greenidge, A. H. J. (2003): A History of Rome During the Later Republic and Early Principate.
  • de Grummond, Nancy & Erika Simon(red.) (2006). The Religion of the Etruscans. University of Texas Press. ISBN 0-292-70687-1.
  • Hampton, C. (1969): The Etruscans and the survival of Etruria. London: Victor Gollancz.
  • Haynes, S. (2000): Etruscan Civilization. Los Angeles: The J. Paul Getty Trust.
  • Maetzke, Guglielmo (1969): The Art of the Etruscans.
  • Macnamara, E. (1973): Everyday Life of the Etruscans. London: B. T. Batsford.
  • Massa, Aldo (1989): The Etruscans. Editions Minerva.
  • Pallottino, M. (1975): The Etruscans. London: Penguin Books.
  • Richardson, Emeline (1964): The Etruscans: Their Art and Civilization. Chicago: University of Chicago Press.
  • Roldán Hervás, José Manuel (2000): Historia de Roma. Salamanca: Ediciones Universidad de Salamanca.
  • Spivy, N.; S. Stoddart (1990): Etruscan Italy. London: Batsford.
  • Stillwell, Richard, red. (1976): Princeton Encyclopedia of Classical Sites.
  • Torelli, Mario, red. (2000): Gli Etruschi. Milan: Bompiani.

Nettstader

[endre | endre wikiteksten]
Generelle
Genetikk
Byar og funnstader
Kunst