Charles Wager
Charles Wager | |||
| |||
Fødd | 24. februar 1666 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Rochester i Kent | ||
Død | 24. mai 1743 | ||
Dødsstad | Chelsea | ||
Rang | admiral | ||
Eining | Royal Navy | ||
Konfliktar | Den spanske arvefølgjekrigen |
Admiral sir Charles Wager PC (24. februar 1666–24. mai 1743) var ein britisk marineoffiser og politikar som var politisk leiar for den britiske marinen, eller First Lord of the Admiralty, frå 1733 til 1742.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Wager blei fødd i Rochester i Kent etter at far hans, kaptein Charles Wager (f. 1630), døydde den 24. februar 1666. Faren hadde byrja karrieren sin i handelsmarinen og så avansert i samveldemarinen. Mor hans var Prudence (f. 1640/41), dotter av viseadmiral William Goodsonn, som var ein kjend marineoffiser. Wager nemnde i 1731 at «On both sides I am related to the navy».[1] Farfaren hans var John Wager, som døydde som kaptein på «Greyhound» då fartøyet eksploderte i kamp mot spanske sjørøvarar i 1656.[2]
Far hans hadde kommando på «Yarmouth», som var del av flåten som førte kong Karl II til England, og var rekna som ein dugande, påliteleg og god likt offiser i Royal Navy. Han hadde middag heime hjå dagbokskrivaren Samuel Pepys, som omtalte han som «A brave, stout fellow this Captain is, and I think very honest.»[3] Etter at han døydde gifta Prudence seg opp att med Alexander Parker, ein kvekar og handelsmann i London. Wager hadde allereie ei eldre syster, Prudence, og det blei fødd seks barn til i ekteskapet.[4]
Wager blei lærling hjå ein kvekarkaptein frå New England, John Hull frå Barnstable i Massachusetts, som dreiv handelsfart over Atlanterhavet. Mor til Wager var vitne då John Hull gifta seg med Alice Teddeman ved eit kvekarmøte i London i 1684. Det var medan han arbeidde for Hull at Wager viste karakterstyrken som skulle gjera at han fekk merksemd frå marinen. Under ein av overfartane blei skipet til Hull stoppa av ein fransk kaper og gjeve ordre om å overgje seg. Hull kunne ikkje kjempa imot på grunn av den religiøse overtydinga si, men var heller ikkje lysten på å gje opp den dyrebare lasten. Han vende seg til den unge Wager, som ikkje hadde same overtyding, og gjorde nok motstand til å skremma bort kaperen.[5]
Tidleg marinekarriere (1689–1709)
[endre | endre wikiteksten]Den eldste oppteikninga frå Wager si teneste i marinen er som løytnant på fregatten «Foresight» den 1. august 1689. I 1691 var han blitt fyrsteløytnant på «Dreadnought» (64 kanonar). 8. desember dette året gifta han seg med Martha Earning (f. 1664×6, d. 1748), ei dotter av Anthony Earning, som var marinekaptein i Samveldet og gjekk i teneste for Det britiske austindiske kompaniet etter 1660. Han døydde som kaptein for «George» i Indiahavet. Wager var ombord i «Britannia», flaggskipet til admiral Edward Russell, i 1692, og tok del i slaget ved Barfleur. Han blei utnemnd til postkaptein den 7. juni.[4]
I 1693 hadde Wager kommando over «Samuel and Henry» (44 kanonar), som segla i konvoi med for handelsskip til New England. Han var kaptein på «Newcastle» (48 kanonar) i 1694, og i 1695, etter ein månad på «Mary», blei han overført til «Woolwich» (54 kanonar). Tidleg i mars 1696 overvaka «Woolwich» Dunkirk etter rykte om ein mogleg invasjon. Ein månade seinare blei Wager overtført til «Greenwich» (50 kanonar) og kommanderte ein liten skvadron som førte tobakkhandelsskip heim frå Chesapeake Bay. Han blei verande på «Greenwich» til skipet var betalt for seint i 1699. Han butte i Watergate cottages i Kilminorth nær West Looe på halv løn medan skipet hans blei reparert i Plymouth. Han blei straks freeman av staden. I februar 1701 blei han sett i teneste på «Medway» (64 kanonar). I januar 1702 under mobiliseringa for Den spanske arvefølgjekrigen fekk han kommando på «Hampton Court» (70 kanonar), og blei verande kaptein her dei følgjande fem åra. Han kommanderte ein skvadron på fire linjeskip og to frigattar som sigla mellom Kapp Barfleur og Ile-de-Batz tidleg i 1703. Seinare same året drog han til Middelhavet, og i oktober kom han under admiral George Byng (seinare Lord Torrington) sin kommando. Kapteinane Wager og John Baker blei sende i land av Byng for å forhandla og signera den omforhandla traktaten mellom England og deyen av Algiers. I Middelhavet att i 1704 var Wager del av flåten til sir George Rooke som erobra Gibraltar. «Hampton Court» var ikkje med i slaget ved Malaga, men var til stades då Barcelona blei teken i 1705. Etter å ha overvintra med skvadronen til sir John Leake i Lisboa tok Wager del i omleiringa av Barcelona og overvinninga av Ibiza og Majorca før han vende heim med Leake seinare i 1706.[4]
Som seniorkaptein som hadde hatt kommando over sjølvstendige skvadronar var Wager ei logisk val til å styra marinebasen Jamaica Station.[6] Han blei utnemnd i januar 1707, og la ut frå Spithead ombord på «Expedition» (70 kanonar) den 28. mars. Han kom fram til Jamaica 22. juni. Ein kjende til at ein fransk skvadron under admiral Ducasse var på veg frå Europa, og det fyrste oppdraget til Wager var å finna opplysingar om rørslene hans og å verna om handel. I desember høyrde han at Ducasse hadde sigla til Havana, langt i le; dermed kunne ikkje den franske skvadronen på ti linjeskip koma overraskande på Jamaica eller verna galleonane til den spanske sølvflåten. Dersom desse galleonane følgde sedvanen med å dra til Cartagene de Indias før dei fortsette til Havana, ville Wager ha høve til å avbryta dei etter at dei hadde teke ombord peruansk sølv ved Portobelo. Han drog med fleire skip til ei stilling vest for Cartagena, som dei nådde 23. mai 1808. Deretter følgde ei kamphandling som seinare blei kalla Wager's Action, der eitt skatteskip blei øydelagt og eit anna teke, medan dei andre kom seg unna til hamna i Cartagena. Vinsten frå denne handlinga gjorde at han kunne venda tilbake til England som ein rik man. Han var også blitt kontreadmiral den 19. november 1707. Formuen hans stamma hovudsakleg frå sølvet på den tekne galleonen, med ein estimert verdi på over 60 000 pund, i tillegg til delen hans av andre prisar tekne i Vest-India. Kamphandlinga til Wager gjorde han til ein folkehelt, og han blei slått til riddar 8. desember 1709. I Portsmouth blei han nominert til parlamentet ved eit bival, og blei vald inn 23. januar 1710.[7]
Admiral og diplomat
[endre | endre wikiteksten]Torypartiet sigra ved parlamentsvalet i 1710, men Wager blei likevel gjenvald sjølv om han var whig. Dette resultatet blei endra gjennom ein petisjon, og som whig kunne han heller ikkje venta å få ei viktig kommandorolle. Han førebudde seg derfor på å bu på land etter å ha vore nesten tjue år til sjøs. Han var parlamentsmedlem for West Looe frå 1713 til 1715.[7]
Etter at dronning Anne døydde hadde Wager framleis stilling som kontreadmiral, og fekk ordre om å ta kontroll over skipa i Portsmouth, og å seinare dra til Gibraltarsundet og ta kommando over middelhavslåten. Han valde i staden å bli Comptroller of the Navy, med økonomisk ansvar for marinene. Tre år seinare, i mars 1718, flytta han til Board of Admiralty, som han sat ved i 24 år, nesten til enden av livet.[8] I 1720 leigde Wager Hollybush, eit herskapshus i mur ved det søraustlege hjørnet av Parson's Green i Fulham. Han blei verande på lista over admiralar og fekk auka ansiennitet. I 1722 blei han utnemnd til å ta ein skvadron til Lisboa, men oppdraget blei avlyst. I 1726 fekk han kommando over den store austersjøflåten som blei sendt til Austersjøen for å verna Sverige og Danmark mot trugsmålet frå ein nyleg mobilisert russisk flåte. Han stoppa fyrst i København, der han møtte hoffet og fullførte arrangementar for samarbeid med den danske marinen. Han fekk seinare ros for dei diplomatiske evnene sine.[9] Etter å også ha møtt det svenske hoffet, tok Wager dei tjue linjeskipa sine til Reval (Tallinn). Han hadde ordre om å ta opp kampen mot og øydeleggja den russiske flåten om han kom ut. Ei frustrert tsarina såg seg nøydd til å demobilisera i staden. For å trygga Sverige blei den britiske flåten verande ved Reval gjennom sommaren, med mange liv tapte til sjukdom. Han kom tilbake til Themsen den 1. november 1726. Wager blei snart sendt ut att på oppdrag, og var utanfor Gibraltar den 2. februar 1727 med seks linjeskip, to kryssarar, to bombeskip og nye troppar til garnisonen. Sjølv om Storbritannia og Spania framleis var i krig, var dei viktigaste kamphandlingane i Karibia. I mai hadde skipa til Wager ei rasande artilleriutveksling med prisar tekne. Spanskekongen gjekk med på våpenkvile i midten av juni og i mars 1728 gjekk Spania endeleg med på fredsforhandlingar. Flåten til Wager kunne venda heim, og han kom tilbake til England den 9. april, etter seksten månader ute.[4]
Wager gjekk tilbake til tenesta si ved Admiralty, men i mai 1729 fekk han igjen ordre om å ta kommando over trettitre skip, som snart fekk selskap av fjorten skip frå Nederland. Denne store skvadronen kom ikkje til å forlata Spithead, og blei populært kjend som «the stay-at-home fleet». Han blei kalla saman fordi hoffet i Spania opptredde som om fredsforhandlingane ikkje hadde noka tyding, og var mobilisert heilt til det blei klart at Spania likevel kom til å underteikan ein avtale.[4]
Sevillatraktaten frå 1729 gav den spanske dronninga rett på visse delar av Italia, og til å innsetja spanske garnisonar der. Ein meinte det ville hjelpa om ein sterk britisk flåte var til stades når spanske skulle setjast i land ved Livorno. Wager fekk dermed segla på «Namur» (90 kanonar) med den britiske flåten, som kom til Cadiz-bukta 1. august 1731, og etter mykje underhaldning fortsette inn i Middelhavet. Oppdraget ved Livorno gjekk føre seg utan problem, men blei kraftig foreinka, slik at Wager ikkje vende tilbakr til England før 10. desember 1731.
Mellom april 1726 og desember 1731 hadde Wager vore like mange månader til sjøs som han hadde vore heime. Oppdraga hans hadde omfatta like mykje diplomatisk omgang som strategisk kunnskap. Livorno-oppdraget er eit godt døme på den doble rolla Wager var i stand til å ha.[4] Han blei forfremja til First Naval Lord ved Admiralty Board i mai 1730.[10]
First Lord of the Admiralty
[endre | endre wikiteksten]Då Lord Torrington døydde i januar 1733, blei Charles Wager rekna som ein naturleg etterfølgjarar til å leia marinen. Her verkar det som om den administrative kunnskapen og talentet hans hadde større tyding enn politisk tilknyting. Han blei utnemnd til first lord 21. juni 1733. Same året blei han også medlem av regjeringa, His Majesty's Privy Council.[11] Han blei så nominert og vald til parlamentsmedlem for Westminster i 1734. Han hadde ein stor fordel gjennom at marineoffiserane stolt på han som leiar. Wager var også profesjonell i rolla, til dømes ved at han tala sterkt for at Edward Vernon skulle bli gjeven kommandoen i Vest-India i 1738 sjølv om Vernon hadde vore i sterk opposisjon til han i parlamentet.
Eit av dei større problema under Wager si tid i stillinga var bemanninga av marinen.Då den såkalla krigen om øyra til Jenkin braut ut i 1739 blei problemet alvorleg, og Wager, med sterk støtte frå admiral sir John Norris, pressa på for å få lovar som kunne gjera det enklare å bemanna marinen. Walpole støtta dei, men parlamentet ville ikkje vedta noko meiningsfullt. Strategien for å slå Spania var ifølgje hertugen av Newcastle å erobra eit stort mål i Vest-India. For å oppnå dette måtte ein senda ein stor flåte med mannskap til eit område der tropiske sjukdommar var svært vanlege. Wager var ikkje ovetydd, han føretrekte å truge kysten av Peru i sør. Den kjende jordomseglinga til George Anson, som segla frå England i 1740, var ei følgje av Wager sine idear. Allereie før ekspedisjonen til Vest-India forlet England hadde flekktyfusepidemien i 1740, den verste det hundreåret, råka dei nyleg rekrutterte sjøfolka og spreidd seg gjennom flåten. Bemanninga gjekk drastisk ned, og avgangen blei forseinka. Som spådd lukkast flåten ikkje i å ta Cartagena, hovudskleg fordi styrkane leid av fleire tropiske sjukdommar.[12]
Då kongen skulle krysa kanalen i mai 1741 insisterte han på at Wager skulle ha ansvaret. Dette var uheldig politisk sett, ettersom reisa samanfall med parlamentsvalet i Westminster. Wager var framleis populær, og hadde han vore til stades kunne han kanskje ha hindra den uventa nomineringa av Edward Vernon, som var i Vest-India og ikkje kjende til saka. Valet blei avslutta før tida, noko som førte til opptøyar og at det blei utfordra i parlamentet. Det blei avvist i House of Commons med svært små marginar, noko som bidrog til at Walpole mista kontrollen på parlamentet. Wager trekte seg som first lord i januar 1742 då det blei klart at Walpole gjorde seg klart il å gå av.[7]
Dei siste åra
[endre | endre wikiteksten]I desember 1742 blei Wager utnnemnd til Treasurer of the Navy, ei sinekyrestilling som verka som ein pensjon. Han blei verande parlamentsmedlem for West Looe.[7] Han skal ha budd i Stanley House i Chelsea då han døydde fredelege den 24. mai 1743. Han blei gravlagd i Westminster Abbey den 30. mai 1743.[13]
I 1747 fekk Francis Gashry, ein langvarig samarbeidspartner i forretning, reist ei monument til han laga av Peter Scheemakers i Westminster Abbey. Basrelieffet vise det kjende sjøslaget hans, og det har innskrifta «The destroying & taking the SPANISH GALLEONS A.D. 1708». Lady Wager døydde 7. april 1748 og blei gravlagd ved sida av han.[13]
Hovudarvingen hans var nevøen Charles Bolton, som var son av systera Prudence, og som arva eigedommen hans ved Kilmenath nær West Looe i Cornwall. Han og kona Martha hadde ingen barn, men fleire slektningar som han skal ha hjelpt økonomisk eller ved å hjelpa dei til å få dei rette støttespelarane.[4]
Wager var kjend for å dela generøst av formuen sin, både til einskilde som trong hjelp og til velgjerande organisasjonar. Han var til dømes vernar for Cockney Feast som blei halden på austkanten av London. Han er minna gjennom ei innskrift på den niande kyrkjeklokka til St Dunstan's i Stepney, der det står: «To the honour of Sir. Chas. Wager Knt., First Lord of the Admiralty 1729, Patron of the Stepney or Cockney's Feast, instituted at Ratcliff in the year 1674, and discontinued 1784. John Matthews, Esq., Treasurer, T. Mears & Sons fecit. 1806.»[14]
Wager Bay i Canada blei kalla opp etter Wager i 1742.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Coxe, 3.116
- ↑ «John (Mariner of Rochester) Wager». Douglas History. Henta 4. august 2017.
- ↑ Pepys, Diary 2 November 1665
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Laughton, John Knox (1899). «Wager, Charles». I Sidney Lee. Dictionary of National Biography 58. London: Smith, Elder & Co.
- ↑ Quaker Anecdotes p. 44
- ↑ Cundall, p. xx
- ↑ 7,0 7,1 7,2 7,3 «Wager, Sir Charles (c.1666–1743), of Kilmenath, nr. West Looe, Cornw. and Parson's Green, London». History of Parliament on line. Henta 4 August 2017.
- ↑ «Sainty, JC, Lord High Admiral and Commissioners of the Admiralty 1660–1870, Office-Holders in Modern Britain: Volume 4: Admiralty Officials 1660–1870 (1975), pp. 18–31.». Arkivert frå originalen 7 October 2014. Henta 4 September 2009.
- ↑ TNA: PRO, SP 42/81, fol. 47
- ↑ Rodger, p. 51-52
- ↑ A Society of Gentlemen 1780.
- ↑ Fortescue, J.W.. A History of the British Army, London, 1899, Vol. II, p. 62, "The fleet was very sickly...". Hill, J.R., ed.. The Oxford illustrated history of the Royal Navy, Oxford, ISBN 0-19-860527-7, 1995, p. 140, Baugh, D.A. Health, Victuals, Discipline and Morale, "The worst naval typhus epidemic of the century occurred between August 1739 and October 1740 ... 25,000 fell ill and were sent to hospital ships, sick quarters and hospitals; of these, 2750 died and 1976 deserted." This represents over 50% of the seamen employed by the Navy at that time, see p. 135. Similarly, Rodger, The Command of the Ocean, p. 308, "A serious epidemic (of typhus) over the hard winters of 1739–41 wrecked the Navy's mobilization, with men falling sick faster than they could be recruited." Typhus was generally a cold weather disease.
- ↑ 13,0 13,1 «Charles Wager». Westminster Abbey. Henta 24 December 2022.
- ↑ St Dunstan, p. 51
- Denne artikkelen bygger på «Charles Wager» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mars 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Trykte
- A Society of Gentlemen (1780). The Biographical Dictionary, Or, Complete Historical Library: Containing the Lives of the Most Celebrated Personages of Great Britain and Ireland, Whether Admirals, Generals, Poets, Statesmen, Philosophers, Or Divines : a Work Replete with Instruction and Entertainment. F. Newbery.
- Austin, J. O., The Genealogical Dictionary of Rhode Island: comprising three generations of settlers who came before 1690 (1887)
- Baugh, D. A., "Sir Charles Wager", in Precursors of Nelson: British Admirals of the Eighteenth Century, ed. P. Le Fevre and R. Harding (2000), 101–26
- Bishop Burnet's History
- Capp, B. Cromwell's Navy: the fleet and the English revolution, 1648–1660 (1989)
- Chance, J. F., The Alliance of Hanover (1923)
- Chester, J. L., ed., The Marriage, Baptismal and Burial Registers of the Collegiate Church or Abbey of St Peter, Westminster, (Harleian Society, Register series; 10 (1876)
- Coxe, W. Memoirs of the Life and Administration of Sir Robert Walpole, Earl of Orford, 3 vols. (1798)
- Cruickshanks, E. 'Wager, Charles', History of Parliament, Commons, 1715–54
- Cundall, Frank (1915). Historic Jamaica. West India Committee.
- Davies, J. D., Gentlemen and Tarpaulins: the officers and men of the Restoration navy (1991)
- Gloucestershire Notes and Queries
- Kimball, G. S., ed., The Correspondence of the Colonial Governors of Rhode Island, 1723–1775, 2 vols. (1902–3)
- Lediard, T., The Naval History of England, 2 vols. (1735)
- M. Lewis, The History of the British Navy, (George Allen & Unwin, 1959)
- The Diary of Samuel Pepys,
- Quaker Anecdotes
- Rodger, N.A.M. (1979). The Admiralty. Offices of State. Lavenham: T. Dalton Ltd. ISBN 0900963948.
- [Vernon, E.], Some Letters to an Honest Sailor (1746)
- Arkiv
- Library of Congress, manuscript division, Vernon–Wager MSS, Peter Force collection
- Manuscripts of the earl of Egmont: diary of Viscount Percival, afterwards first earl of Egmont, 3 vols., HMC, 63 (1920–23)
- Cambridge University Library, Cholmondeley (Houghton) MSS, 1784, 1786, 1807, 1881
- British Library, corresp. and papers, Add. MSS 19028–19031
- BL, official corresp., King's MSS 57–59
- L. Cong., corresp. and papers | BL, corresp. with duke of Newcastle, Add. MSS 32688–32992
- CUL, Cholmondeley (Houghton) MSS, letters to Walpole
- CUL, letters to Sir Robert Walpole
- L. Cong., Vernon–Wager MSS, Peter Force collection
- NMM, corresp. with Edward Vernon
- NRA, priv. coll., letters to first Earl Waldegrave
- TNA: PRO, SP 42/81–83