York Factory
York Factory | |||
busetnad | |||
Land | Canada | ||
---|---|---|---|
York Factory 57°00′10″N 92°18′17″W / 57.002777777778°N 92.304722222222°W | |||
Wikimedia Commons: York Factory, Manitoba |
York Factory var ei busetjing og ein handelsstasjon som låg på sørvestsida av Hudsonbukta i det nordvestre Manitoba i Canada, ved munningen av Hayeselva om lag 200 km sør søraust for Churchill. Busetjinga var hovudkvarteret til Hudson's Bay Company si nordlege avdeling frå 1821 til 1873. Ho fortsette å operera som handelsstasjon i over 270 år fram til 1957, då Hudsons stengde henne.[1]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Gjennom 1600-talet og seint på 1800-talet var York Factory og forgjengaren hans ein sentral base for Hudson's Bay Company sin kontroll med pelshandelen og anna verksemd i Rupert's Land og det enorme territoriet som omfatta heile nedbørsområdet til Hudsonbukta, det som no dannar mykje av Canada.
Denne historiske staden er no bemanna av det canadiske parkvesenet Parks Canada frå juni til september. Det er gjort arkeologiske utgravingar på staden sidan 1991
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ York Factory, The Canadian Encyclopedia
- Denne artikkelen bygger på «York Factory» frå Wikipedia på bokmål, den 14. juli 2022.