Hopp til innhald

Tresa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tresa
elv
Land  Italia,  Sveits
Lengd 13 km
Kjelde Luganosjøen mellom Ponte Tresa og Lavena Ponte Tresa
 •  høgd 295 moh.
Munning Lago Maggiore ved Luino
 •  høgd 193 moh.
Kart
Tresa
45°59′48″N 8°43′36″E / 45.996666666667°N 8.7266666666667°E / 45.996666666667; 8.7266666666667
Wikimedia Commons: Tresa

Tresa er ei elv i Sveits og Italia som renn frå Luganosjøen mellom Lavena Ponte Tresa i Italia og Ponte Tresa i Sveits til Lago Maggiore nær Luino, eit par hundre meter etter ho renn i hop med Margorabbia. Der elva renn ut frå Luganosjøen vert ho kryssa av ei bru med Sveits på eine sida og Italia på den andre. Her ligg òg ein tollstasjon.

Elva er om lag 13 km lang og det meste av ho dannar grensa mellom provinsen Varese i Italia og kantonen Ticino i Sveits. Ho renn gjennom dei sveitsiske kommunane Ponte Tresa, Croglio og Monteggio, og dei italienske kommunane Lavena Ponte Tresa, Cremenaga og Luino.

Elva er demma opp for å nytte elva til produksjon av vasskraft og for regulere vassføringa for å hindre flaum.

Munningen til Tresa ved Luino og Germignaga

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]