The Osmonds
The Osmonds | |||
The Osmonds på scenen i Hamburg i 1970-åra (v-h): Alan, Merrill, Donny, Jay og Wayne | |||
Opphav | Salt Lake City i USA | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1958 til i dag[1] | ||
Sjanger | R&B, pop, disco, softrock, blue eyed soul, funk, country | ||
Tilknytte artistar | Donny & Marie, 1976 Donny & Marie 1998 | ||
Plateselskap | MGM Uni MGM/Polydor Records Mercury Elektra/Asylum Records Warner Bros. MGM/Kolob Records | ||
Medlemmer | Alan Osmond Wayne Osmond Merrill Osmond Jay Osmond Donny Osmond Marie Osmond Jimmy Osmond | ||
Prisar | stjerne på Hollywood Walk of Fame |
The Osmonds er ei amerikansk musikalsk familiegruppe med ein lang og variert karriere som har teke dei frå å synge barbersalongmusikk som bar, til å bli tenåringsidol, til ein populær fjernsynsserie og suksess både som soloartistar og som gruppe. The Osmonds er medlemmar av Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage og dei religiøse verdiane deira har påverka karrieren deira.[2]
Då dei starta som ein barbersalongkvartett bestod gruppa av brørne Alan Osmond, Wayne Osmond, Merrill Osmond og Jay Osmond. Dei fekk seinare med seg dei yngre søskena Donny Osmond og Jimmy Osmond. Den einaste systera deira, Marie Osmond, som aldri song med brørne på den tida, fekk sjølv ein suksessrik solokarriere i 1970-åra og familievenen Ronnie Mund spelte tamburin og song korvokal. Dei eldre brørne George Virl Osmond, Jr. (Virl) og Tom Osmond var fødd døve og deltok ikkje i gruppa,[2] men dei var stundom å sjå, hovudsakleg på julespesialane til familien i 1970-åra. Alle i familien Osmond var fødde i heimbyen Ogden i Utah, utanom den yngste, Jimmy, som var fødd i Canoga Park i California.
Sjølv om gruppa hadde eksistert sidan slutten av 50-åra var det først i 1970 dei slo igjennom, i kjølvatnet av suksessen til the Jackson 5. På same måte som Michael Jackson vart frontmann i Jackson 5 var det den yngste broren Donny som vart den fremste i The Osmonds. Gruppa var særs populære i 1971-1972, men mot slutten av 1974 hadde populariteten dalt. Både Donny og systera Marie hadde derimot særs populære solokarrierar utover 70-åra, og The Osmonds kom attende i 1980-åra som countryartistar.
Gruppa har seld minst 102 millionar plater verda over.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Album
[endre | endre wikiteksten]År | Album | Plassering | ||
---|---|---|---|---|
US | US Country | CAN | ||
1962 | Songs We Sang on The Andy Williams Show
|
— | — | — |
1962 | We Sing You A Merry Christmas
|
— | — | — |
1963 | Preview: The Travels of Jaimie McPheeters
|
— | — | — |
1964 | The New Sound of The Osmond Brothers Synging More Songs They Sang on The Andy Williams Show
|
— | — | — |
1970 | Hello! The Osmond Brothers
|
— | — | — |
Osmonds
|
14 | — | 34 | |
1971 | Homemade
|
22 | — | 27 |
Phase III
|
10 | — | 6 | |
1972 | The Osmonds Live
|
13 | — | 8 |
Crazy Horses
|
14 | — | 10 | |
1973 | The Plan
|
58 | — | 20 |
1974 | Love Me for a Reason
|
47 | — | 29 |
1975 | The Proud One
|
160 | — | 89 |
Around the World: Live in Concert
|
148 | — | — | |
1976 | Brainstorm
|
145 | — | — |
The Osmonds Christmas Album
|
127 | — | — | |
1977 | The Osmonds Greatest Hits
|
192 | — | — |
1979 | Steppin' Out
|
— | — | — |
1982 | The Osmond Brothers
|
— | 54 | — |
1984 | One Way Rider
|
— | 57 | — |
2000 | The All-Time Greatest Hits of the Osmond Family (Box Set)
|
--- | --- | --- |
2008 | 50th Anniversary Reunion Concert
|
177 | — | — |
2012 | I Can't Get There Without You
|
--- | --- | --- |
Singlar
[endre | endre wikiteksten]År | Singel | Plassering | Album | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
US | US AC | US Country | CAN | CAN AC | UK | |||
1971 | «One Bad Apple» | 1 | 37 | — | 1 | — | — | Osmonds |
"Double Lovin'" | 14 | — | — | 9 | — | — | Homemade | |
«Yo-Yo» | 3 | — | — | 1 | — | — | Phase III | |
1972 | "Down by the Lazy River" | 4 | — | — | 1 | — | 40 | |
"Hold Her Tight" | 14 | — | — | 6 | — | — | Crazy Horses | |
"We Can Make it Together" (w/ Steve and Eydie) | 68 | 7 | — | — | — | — | single only | |
«Crazy Horses» | 14 | — | — | 12 | — | 2 | Crazy Horses | |
1973 | "Goin' Home" | 36 | — | — | 30 | 91 | 4 | The Plan |
"Let Me In" | 36 | 4 | — | 15 | 5 | 2 | ||
1974 | "I Can't Stop" | — | — | — | — | — | 12 | single only |
«Love Me for a Reason» | 10 | 2 | — | 18 | 5 | 1 | Love Me for a Reason | |
1975 | "Having a Party" | — | — | — | — | — | 28 | |
«The Proud One» | 22 | 1 | — | 25 | 4 | 5 | The Proud One | |
"I'm Still Gonna Need You" | — | 38 | — | — | — | 32 | ||
1976 | "I Can't Live a Dream" | 46 | 38 | — | 70 | 35 | 37 | Brainstorm |
"Back on the Road Again" | — | — | — | — | — | — | ||
1982 | "I Think About Your Lovin'" | — | — | 17 | — | — | — | The Osmond Brothers |
"It's Like Falling in Love (Over and Over)" | — | — | 28 | — | — | — | ||
"Never Ending Song of Love" | — | — | 43 | — | — | — | ||
1983 | "She's Ready for Someone to Love Her" | — | — | 67 | — | — | — | One Way Rider |
1984 | "Where Does an Angel Go When She Cries" | — | — | 43 | — | — | — | |
"One Way Rider" | — | — | — | — | — | — | ||
"If Every Man Had a Woman Like You" | — | — | 39 | — | — | — | ||
1985 | «Anytime» | — | — | 54 | — | — | — | singles only |
"Baby, When Your Heart Breaks Down" | — | — | 56 | — | — | — | ||
1986 | "Baby Wants" | — | — | 45 | — | — | — | |
"You Look Like the One I Love" | — | — | 69 | — | — | — | ||
"Looking for Suzanne" | — | — | 70 | — | — | — | ||
1987 | "Slow Ride" | — | — | — | — | 27 | — | |
"—" syner at singelen ikkje gjekk inn på lista. |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «The Osmonds» frå Wikipedia på engelsk, den 18. august 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «The Osmonds». MTV. Henta 27 July 2012.
- ↑ 2,0 2,1 Biography: The Osmonds, Pure and Simple (documentary)