Rankus
Rankous | |||
رنكوس, Rankus | |||
landsby | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Rif Dimashq guvernement | ||
Distrikt | Al-Tall-distriktet | ||
Nahiyah | Al-Tall | ||
Koordinatar | 33°45′25″N 36°23′21″E / 33.75694°N 36.38917°E | ||
Areal | 22,277 km² | ||
Folketal | 19 900 | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Rankus 33°45′25″N 36°23′21″E / 33.756957°N 36.389036°E | |||
Kart som viser Rankus.
|
Rankous eller Rankus (arabisk رنكوس) er ein landsby i Syria og feriestad om sommaren i provinsen Damaskus (Rif Dimashq) i Anti-Libanonfjella, 45 km from Damaskus, i ei høgd mellom 1650 og 2150 meter over havet. Klimaet i landsbyen er kjølig om sommaren og kaldt om vinteren. I løpet av eit år kjem det vanlegvis mellom 350 og 650 mm regn og snø. Fjella kring landsbyen er dekte med snø om vinteren. Folketalet er 19 900 innbyggjarar.
Landsbyen er kjend for dyrking av frukttre: eple, pære, kirsebær, mandlar og aprikos. I tillegg vert dyrka poteter, erter og mange andre typar grønsaker.
Det ligg historiske monument i nærleiken av Rankous med grotter, gamle gravplassar og kammer og gravering i stein.
Byen vart hardt skadd under kampar mellom regjeringsstyrkane og opprørarane under den syriske borgarkrigen.[1]
Folk frå Rankous
[endre | endre wikiteksten]- Sjeik Mahmoud Baayoun
- Mohamed Ali Abdel Jalil - omsetjar og essayist
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rankus» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juli 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: