Songen Pretend (1952)
«Pretend» er ein popsong skriven i 1952 av Dan Belloc, Lew Douglas, Cliff Parman og Frank Levere.
Den mest kjende innspelinga, av Nat King Cole,[1] kom ut på Capitol Records og gjekk inn på Billboard Best Seller-lista den 31. januar 1953. Han låg 20 veker på lista og nådde tredjeplassen.[2] Han nådde òg andreplassen på UK Singles Chart i mai 1953. Cole spelte seinare inn songen i 1961 for albumet The Nat King Cole Story.
Innspelinga til Ralph Marterie kom ut på Mercury Records og nådde Billboard Best Seller-lista 7. februar 1953 på 16. plassen.[2]
Innspelinga til Eileen Barton kom ut på Coral Records og gjekk inn på Billboard Best Seller-lista 7. mars 1953 og nådde 18. plassen.[2]
På Cash Box-lista, der alle versjonane av songen vart kombinerte, nådde songen femteplassen i 1953.
Songen vart sidan spelt inn av Tab Smith, som nådde 89. plassen på Billboard-lista i 1957, og av Carl Mann som nådde 57. plassen på Billboard og 56. plassen på Cash Box i 1959.
Alvin Stardust sin versjon vart populær i Storbritannia i 1981 då han nådde fjerdeplassen på UK Singles Chart. Denne var i stor grad basert på utgåva til Carl Mann frå 1959.
Innspelingar
[endre | endre wikiteksten]- Nat King Cole[1] (1953)
- Eileen Barton (1953)
- Ralph Marterie (1953)
- Henri Rene & His Orchestra med Franz Dietschmann (sitarsolo) (1953)[3]
- Tab Smith (1957)
- Carl Mann (1959)
- Keely Smith (1959) på albumet Be My Love
- Tielman Brothers (1960) på albumet Tielman On Stage[4]
- Brenda Lee (1960)
- Gerry & The Pacemakers på albumet How Do You Like It? (1963) og spelte han live med The Everly Brothers i 1965 på Shindig!.
- Johnny Preston gav ut ein versjon av songen i 1960 på albumet hans, Running Bear.[5]
- Buzz Clifford (1963)[6]
- Sammy Davis jr., The Nat King Cole Songbook, (1965)
- Marvin Gaye (1965)
- Alvin Stardust (1981)
- Don Williams (1995)
- Barbra Lica (2012)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Pretend (1952 song)» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mars 2022.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Gilliland, John (1969). «Show 22 - Smack Dab in the Middle on Route 66: A skinny dip in the easy listening mainstream. [Part 1]» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Whitburn, Joel (1973). Top Pop Records 1940-1955. Record Research.
- ↑ «Henri René And His Orchestra - Pretend». 45cat.com. Henta 2. mai 2021.
- ↑ «Tielman Brothers». Discogs.com. Henta 28. januar 2018.
- ↑ Johnny Preston, Running Bear, Discogs.com, Henta 10. september 2015.
- ↑ Buzz Clifford, «My Girl» single release, 45cat.com, Henta 20. januar 2016.