Lars Johannes Irgens
Lars Johannes Irgens | |
Lars Johannes Irgens av P. Meidell Måleriet tilhøyrer Eidsvoll 1814 | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. oktober 1775 Hof |
Død | |
Yrke | dommar, politikar |
Språk | norsk |
Lars Johannes Irgens på Commons |
Lars Johannes Irgens (9. oktober 1775–22. april 1830) var ein norsk offiser, embetsmann og eidsvollsmann.
Irgens var fødd i Hoff i Solør, der far hans, Hartvig Irgens, var prest. Nokre år var han løytnant i opplandske dragonkorps. I 1801 gifta Irgens seg med Christiane Louise Smith.
Irgens vart cand. jur. i 1803. Same året vart han sorenskrivar i Indre Sogn. Dette embetet styrte han til han døydde. Irgens budde ei kort tid i Ambla før han flytta til Loftesnes sentrum av Sogndal. I 1813 flytte han og kona i nytt hus, Christianelyst, i Solvorn.
Irgens døydde på Solvorn i Hafslo i 1830. Han var far til Nils Irgens.
Riksforsamlinga på Eidsvoll
[endre | endre wikiteksten]I 1814 var Irgens utsending frå Nordre Bergenhus amt på riksforsamlinga på Eidsvoll. Der slutta han seg til sjølvstendepartiet. Dei andre som representerte amtet på riksforsamlinga var Nicolai Nielsen, og Peder Hjermann vald av amtet, samt Ole Elias Holck og Nils Johannesson Loftesnes vald av Det Bergenhusiske Regiment.
Minnesmerke
[endre | endre wikiteksten]Alle dei fem utsendingane frå Nordre Bergenhus amt til Eidsvoll i 1814 er heidra med minnesmerke. På grava til Irgens på den gamle kyrkjegarden i solvorn står ein jernkross. Krossen er ca 180 cm høg, 15 cm brei og armane går ca 50 cm ut frå stammen. På austsida står namnet, på vestsida kva år han vart fødd og døydde.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Kleppa, Hermund: Gravminne over Eidsvollmann i Solvorn. Kulturhistorisk leksikon 2000, Sogn og Fjordane Fylkesarkiv.
- Kleppa, Hermund: 1814 Grunnlovsjubileum 2014 - Eidsvollsmennene frå Sogn og Fjordane. Kulturhistorisk leksikon 2011, Sogn og Fjordane Fylkesarkiv.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Biografisk informasjon om Lars Johannes Irgens NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv