Korallrev
Utsjånad
Korallrev er store koralldyrkoloniar bygd opp av korallpolyppar og skjeletta deira. Ein finn dei hovudsakleg i næringsfattig, grunt og klårt havvatn i tropane. Me har tre slag korallrev: barriererev, kystrev og atollar. I Noreg finst såkalla kaldtvasskorallrev.
Korallreva husar eit biologisk mangfald som berre vert overgått av det i regnskogane. Berre av fisk finn ein over 4000 ulike artar her.
Korallar veks både i tropisk og temperert hav, men dei fleste korallreva blir til i ei sone som strekker seg rundt 30° nord og sør for ekvator.