Hopp til innhald

Eigil Liane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eigil Liane
Fødd7. mai 1916
Tinn kommune
Død17. juni 1994 (78 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, jarnbanearbeidar
Alle verv

Eigil Olaf Liane (7. mai 191617. juni 1994) var ein norsk jarnbanemann og politikar frå Tinn i Telemark som representerte ArbeidarpartietStortinget frå 1954 til 1973.[1]

Liane, som var son til ein jarnbanearbeidar, var frå 1934 til 1940 anleggsarbeidar på Sørlandsbanen. Etter å ha vore linjearbeidar og banevaktaraspirant fekk han i 1943 stilling som banevaktar. I 1947 tok han eksamen ved Jarnbaneskulen og var tilsett som baneformann i 1960.[1]

Liane var aktiv i Arbeidernes Ungdomsfylking og seinare i Arbeidarpartiet. Han var ordførar i Sannidal kommune frå 1945 til 1955. Hausten 1953 vart han vald inn på Stortinget frå Telemark og og tok sete på tinget ved nyår 1954. Etter å ha vore attvald fire gongar, gjekk han ut av Stortinget i 1973. Han var 1954-65 medlem av Administrasjonskomiteen, nestformann i den siste fireårsperioden, og av Samferdslekomiteen 1965-73. Elles var han med i Fullmaktskomiteen 1961-69 og Valkomiteen 1969-73.[1]

Eigil Liane var ein personleg kristen, og var aktiv i Norges Kristne Arbeideres Forbund. I periodane 1972-75 og 1976-79 var han leiar i forbundet.