Hopp til innhald

Chet Atkins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chet Atkins

Fødd20. juni 1924(1924-06-20)
FødestadLuttrell i Tennessee i USA
Død30. juni 2001 (77 år)
DødsstadNashville i Tennessee i USA
FødenamnChester Burton Atkins
AliasMr. Guitar, The Country Gentleman
OpphavUSA
Aktiv1942–1996
SjangerCountry, rock and roll, folk, rockabilly
Instrumentgitar, fiolin, vokal
Kjende instrumentCountry Gentleman, Tennessean, 6120, Gibson Chet Atkins SST
PlateselskapRCA, Columbia
Verka somMusikar, låtskrivar, produsent
PrisarGrammy Lifetime Achievement Award, Rock and Roll Hall of Fame

Chester Burton «Chet» Atkins (20. juni 192430. juni 2001) var ein amerikansk gitarist, stundom songar og plateprodusent. I lag med Owen Bradley, skapte ein glattare countrystil som vart kjend som Nashville sound, som var medverkande til at country vart populært hos pop-publikummet.

Den plukkande gitarstilen til Atkins var inspirert av Merle Travis. Andre store inspirasjonskjelder var Django Reinhardt, George Barnes, Les Paul og seinare Jerry Reed.[1] Stilen hans førte til fans og beundrarar både innafor og utafor countrymiljøet, både i USA og internasjonalt. Atkins produserte plater for The Browns, Hank Snow, Porter Wagoner, Norma Jean, Dolly Parton, Dottie West, Perry Como, Elvis Presley, The Everly Brothers, Eddy Arnold, Don Gibson, Jim Reeves, Jerry Reed, Skeeter Davis, Waylon Jennings og mange andre.

Atkins fekk i alt 14 Grammy-prisar, i tillegg til Grammy Lifetime Achievement Award, ni prisar som årets instrumentalartist hos Country Music Association, og han vart innlemma i Rock & Roll Hall of Fame, Country Music Hall of Fame and Museum og Musicians Hall of Fame and Museum. I november 2011 rangerte musikkmagasinet Rolling Stone Atkins som den 21. beste gitaristen gjennom tidene.[2]

Påverknad

[endre | endre wikiteksten]
Nærbilete av Chet Atkins

I Noreg er Øystein Sunde, Claes Neeb og Lars Håvard Haugen blant kjende gitaristar som har lete seg påverka av Atkins.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]