Tørdal
Tørdal | |||
bygd | |||
Bygda Tørdal dekker øvre del av Drangedal kommune.
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Tørdal 59°13′12″N 8°42′07″E / 59.22°N 8.7019°E |
Tørdal er ei bygd som dekker øvre del (ca 35 %) av Drangedal kommune i Telemark. Tørdal er òg eit tidlegare prestegjeld, og eit delområde som består av grunnkrinsane Bostrak, Lia, Bø, Lone, Homleid og grenda Tørdal.
Bygdesentrum er Bø, om lag 20 km nord for kommunesenteret Prestestranda. Andre busetnader er Bostrak og Grova, om lag 11,5 og 28,5 km nord for Prestestranda. Vintersportstaden og hytteområdet Gautefall, samt utfartsområdet Søvassmarka, ligg òg i Tørdal.
Historie
Namnet Tørdal kjem av tyri og tyder «Furudalen». I gardsmatrikkelen av 1886 vert det skrive at at namnet på den tida òg vart skrive som Tørredal og Tørrisdal. Ein kjend historisk person frå bygda skal ha vore småkongen og bondeleiaren Hallvard Gråtopp. I mellomalderen, fram til 1200-talet, høyrte Tørdal til Telemark, medan resten av Drangedal høyrte til Grenland – Grenafylke.
Ein kan òg nemna Lektor Tør(r)dal frå filmane om Stompa, den alltid like rasande lektoren ved Langåsen pensjonatskole spela av Gisle Straume.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Tørdal» frå Wikipedia på bokmål, den 4. mai 2008.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Sannes, Olav: «Drangedal med Tørdal, ei bygdesoga» (1924) (faksimile 1974, ISBN 82-990370-1-8)