Samuel Matete
Samuel Matete | |
Statsborgarskap | Zambia |
Fødd | 27. juli 1968 (56 år) Chingola |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988 |
Samuel Matete (fødd 27. juli 1968) er ein zambisk tidlegare friidrettsutøvar frå Chingola. Han vart i 1991 verdsmeister på 400 meter hekk og syrgde såleis for å verte den fyrste friidrettsutøvaren frå Zambia som vann ein gullmedalje i OL eller VM. Matete sikra seg elles to sølvmedaljar i verdsmeisterskapar og ei i OL 1996 i same øvinga.
Aktiv
Matete sprang rett inn i verdseliten på 400 meter hekk i 1991-sesongen. Den 7. august gjorde han sitt livs beste løp då han vann i Zürich-stemnet på 47,10 sekundar, einast verdsrekordhaldar Edwin Moses hadde betre tid i øvinga. Tre veker seinare stadfesta Matete den gode forma og vart verdsmeister i Tokyo med tida 47,64, etter å ha avslutta sterkare enn sølvvinnar Wintrop Graham frå Jamaica, briten Kriss Akabusi og den seinare verdsrekordhaldaren Kevin Young. Under dei olympiske sommarleikane 1992 vart Matete diskvalifisert i semifinalen for å ha vore utanfor løpebana si.
Året etter hadde lite Matete hadde å stille opp mot Young i VM-finalen 1993 i Stuttgart. Young vann gull på tida 47,18, medan Matete fekk notert 47,60 og berga sølvet, to og fire hundredels sekund framom høvesvis Winthrop Graham og franske Stéphane Diagana.
Etter å ha vorte samveldemeister på langhekken i 1994 tok Matete eit nytt VM-sølv i 1995, slått med fem hundredels sekund av Derrick Adkins frå USA. Eit år seinare vart dei same to utøvarane nummer ein og to i Sommar-OL 1996, også her vann Adkins. Men med si sølvmedalje dobla Matete talet på zambiske OL-medaljar, boksaren Keith Mwila tok den fyrste, ein bronsemedalje, i 1984.
Frå 1997 til 2000 makta ikkje Matete lengre å fullføre langhekken under 48 sekundar. Han vart såleis femtemann i VM 1997, men hadde ingen vanskar med å verte afrikameister i 1998. Korkje i VM 1999 eller OL-2000 var han i stand til å kome lengre enn til semifinalane.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
- OL 1988 i Seoul: Utslått i forsøka (51,06 =nr 26)
- VM 1991 i Tokyo: Gullmedalje – 47,64, framom Winthrop Graham (47,74)
- OL 1992 i Barcelona: Diska i semifinalane (49,89 =nr 24)
- VM 1993 i Stuttgart: Sølvmedalje – 47,60, bakom Kevin Young (47,18)
- VM 1995 i Göteborg: Sølvmedalje – 48,03, bakom Derrick Adkins (47,98)
- OL 1996 i Atlanta: Sølvmedalje – 47,78, bakom Derrick Adkins (47,54)
- VM 1997 i Aten: Nr 5 – 48,11
- VM 1999 i Sevilla: Utslått i semifinalane (49,28 – nr 13)
- OL 2000 i Sydney: Utslått i semifinalane (48,98 =nr 10)
Einast verdsrekordhaldar Kevin Young og Bryan Bronson har sprunge fortare enn Matete etter 1991. Hans personlege rekord på 400 meter hekk på 47,10 gjev han i 2017 framleis fjerdeplassen på verdsstatistikken.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Samuel Matete» frå Wikipedia på tysk, den 2. august 2017.
Bakgrunnsstoff
- «Samuel Matete» (på engelsk). Olympedia. Henta 6. mars 2023.
- Einskildmenn
- Fødde i 1968
- Zambiske idrettsutøvarar
- Hekkeløparar
- Verdsmeistrar i friidrett
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Zambia
- Zambiske deltakarar under sommar-OL 1988
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988
- Zambiske deltakarar under sommar-OL 1992
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1996
- Zambiske deltakarar under sommar-OL 1996
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996
- Zambiske deltakarar under sommar-OL 2000
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000