Hopp til innhald

Robert Burns

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Robert Burns

Statsborgarskap Kongeriket Storbritannia
Fødd 25. januar 1759
Alloway
Død

21. juli 1796 (37 år)
Dumfries

Yrke låtskrivar, lyrikar, skribent, musikkforskar, bonde
Sjanger vers, forteljande lyrikk, song, ballade, kantate
Far William Burnes
Mor Agnes Broun
Ektefelle Jean Armour
Born Elizabeth Bishop (Burns), Robert Burns
Signatur
Robert Burns på Commons

Robert Burns (25. januar 175921. juli 1796) var ein skotsk lyrikar. Mest kjend er han for dikta som er skrivne på skotsk. Han skreiv òg dikt på skotskfarga engelsk og på standard engelsk.

Robert Burns vart fødd i Alloway i Ayrshire i ein fattig familie og døydde i Dumfries. Han måtte vere med på gardsarbeid tidleg, og frå han var 12-13 år gamal, arbeidde han som ein vaksen kar. Sidan far til Robert Burns var oppteken av å gje borna ei god, kristen oppseding, fekk han lese- og skriveopplæring av ein privatlærar.

Burns er særleg hugsa for diktet «Auld Lang Syne». Fødselsdagen hans vert feira som ein uoffisiell skotsk nasjonaldag, «Burns Night».

Johannes Gjerdåker har omsett mange av Burns sine dikt til nynorsk. Det same har Hartvig Kiran og Olav Nygard.

Bakgrunnsstoff

Nokre omsetjingar til nynorsk

  • 1966 – Dikt i utval (Oslo: H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard)) I fulltekst ved nb.no  [Ved Hartvig Kiran]