Pärnu
Utsjånad
Pärnu linn | |||||
---|---|---|---|---|---|
Russisk-ortodoks kyrkje i Pärnu | |||||
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Estland | ||||
Maakond | Pärnu maakond | ||||
Grunnlagd | 1251 | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
32,22 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2005) - folketettleik |
43 528 1 351 /km² | ||||
Koordinatar | 58°23′0″N 24°30′0″E / 58.38333°N 24.50000°E | ||||
Høgd over havet | 10 moh | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Nettstad: www.parnu.ee |
Pärnu er ein by og kommune sørvest i Estland ved Austersjøen. Han er ein populær feriestad om sommaren med mange hotel, restaurantar og store strender. Pärnuelva renn gjennom byen.
Historie
Pärnu vart grunnlagd i 1251 av Den tyske riddarordenen, som byrja å byggje ein Ordensburg i nærleiken i 1265. Byen, då kjend under det tyske namnet Pernau, var ein del av Hansaen, og var ei viktig isfri hamn for Livland. Kongedømet Polen tok kontroll over byen mellom 1560 og 1617. I 1609 kriga polske og svenske hærar nær byen. Sverige fell kontroll over byen på 1600-talet under Livlandkrigen, men etter Den store nordiske krigen og Nystadfreden i 1721 kom han inn under Russland.
Byen vart ein del av det sjølvstendige Estland etter den første verdskrigen.
Galleri
-
Dronevideo av Pärnu frå 2022
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Pärnu» frå Wikipedia på engelsk, og «Pärnu» frå Wikipedia på tysk den 30. mars 2007.